Ti grunnar til å reise til Japan før du døyr

5571328098_87627f87fe_b-1

Dei siste åra har Japan blitt meir og meir populært blant unge menneske i den vestlege verda. Uansett kva du måtte vere interessert i, er du garantert ei heilt unik oppleving. Her er ti grunnar til at du burde besøke soloppgangens land.

1. Maten

Ta dette frå ein person som ikkje eingong likar sushi – Japan er eit kulinarisk paradis. Å gå ut å ete i Japan er dessutan relativt billig samanlikna med i Noreg. Ein særegen ting med å gå på restaurant i Japan er at ein ofte får tilberede maten sjølv ved bordet på små kokeplater. Dette gjeld i hovudsak visse typar matretter, som til dømes yakiniku (steikt kjøt med sausar til), shabu-shabu (koking av kjøt og grønsaker under høg temperatur), kushikatsu (frityrsteiking av kjøt, fisk og grønsaker av alle moglege slag). Det er overraskande tilfredsstillande å tilberede maten sjølv i det tempoet magen vil, så eg vil absolutt anbefale å prøve dette, då det er veldig avslappande og ikkje minst morosamt. Andre anbefalingar er kinesiske nudlar, ramen, med gyoza (dumpling), karaage (innbakt kylling) og steikt ris, og japanske kveitenudlar, udon, med tempura (innbakt fisk, kylling eller grønsaker). Om du er av den vågale typen finst det flust av matretter å prøve, til dømes fugu-fisk som er dødeleg å ete om den ikkje er tilberedt riktig, eller takoyaki (blekksprutpannekaker).

SANUKI UDON

 Foto: jonolist. Brukt med CC-lisens.

2. Karaoke
I konseptets opphavsland fungerer karaoke slik at ein leiger eit nokolunde lydisolert rom saman med vennane sine for ein avgrensa tid. På rommet er det tilgang på ein TV-skjerm og eit par mikrofonar. Ofte ligger det også ein tamburin på rommet, for det er jo greitt å ha i tilfelle. Det finst også ein drikkebar der du kan hente alt du vil av grøn melonbrus (må prøvast) og andre drikkevarar. Mat og alkohol kan bestillast over ein veggtelefon på rommet. Japansk karaoke er veldig intim og sosial samanlikna med den amerikanske versjonen med karaoke-barar der ein syng for eit heilt lokale. Ein annan ting som er fantastisk med karaoke er at du treng ikkje å vere flink til å synge eller ha god musikksmak. Mange vil kanskje hevde at det til og med er betre di verre røyst og songar. Her er det berre å dra fram gamle danskebåtslagarar som «I Will Survive» og «YMCA». Men fall ikkje for freistinga for å synge A-Ha sin «Take On Me» i stoltheit over heimlandet ditt, då du truleg raskt vil innsjå at du ikkje eig stemmeregisteret til Morten Harket.

 

Karaoke booth

Foto: AKX_. Brukt med CC-lisens.

3. Venlegheita

Lat att auga og sjå for deg kor snille du trur japanarar er. Så tek du det og gangar det med hundre. Sist gong eg var på veg til Japan møtte eg ein hyggeleg eldre mann på flyet som gjerne ville slå av ein prat med ein utlending. Då eg fortalte at eg skulle reise eit godt stykke på eigen hand før eg skulle bli henta av nokon eg kjente, sytte han for å hjelpe meg å leie ein japansk telefon på flyplassen, for så å ta toget med meg eit stykke for å passe på at eg kom meg trygt av garde. Då eg fortalte denne historia til ein norsk venn, fortalte han at han hadde opplevd nøyaktig det same då han reiste til Japan. Japanarar er svært nysgjerrige på utlandet og utlendingar, og har ofte lyst til å ta kontakt sjølv om dei gjerne kan vere litt sjenerte. Reiser du til dit er du nesten garantert å oppleve venlegheit som gir deg lyst til å klemme folk for alltid, så hugs at det ikkje er greitt å ta på folk i Japan, då japanarane har veldig store intimsoner.

4. Kattekafé

Denne sneik seg inn på lista fordi eg sjølv var på kattekafé på min siste tur  no nyleg. Som namnet tilseier går konseptet rett og slett ut på å tilbringe tid på ein kafé der ein både kan kjøpe mat og drikke og kose med kattar. Dette passar perfekt for dei som ikkje har kjæledyr sjølv, men sidan det er eit såpass spesielt konsept som det neppe går an å oppleve andre stadar vil eg anbefale å ta turen innom uansett om du har kjæledyr eller ikkje. Er du der i matetida, kan du hjelpe til å mate kattane!

http://www.flickr.com/photos/dozodomo/8402051562/

Foto: Dozodomo. Brukt med CC-lisens.

5. Vakker natur

Om du trudde at Japan såg like urbant ut som Tokyo overalt, tok du heldigvis feil. Japan har også utrulig mykje vakker natur å oppleve. Ein kan til dømes stå på ski i dei japanske alpane eller på Hokkaido. Det går også an å bestige Fuji-fjellet, Japans høgaste fjell på 3776 meter. Rykta seier at utsikta frå toppen om morgonen er nydeleg. Ein lett tilgjengeleg måte å oppleve den japanske naturen på er å besøke heilagdommar ute i naturen. Det finst til dømes shinto-heilagdommar som strekkjer seg utover store skogsareal, og som får deg til å føle deg veldig i eitt med naturen (må ikkje forvekslast med å føle seg zen, som tilhøyrar buddhismen).

 

Foto: Privat

6. Alt du ikkje visste du trengte

Japan er eit fantastisk land å besøke viss du er glad i duppedittar som skal gjere livet ditt betre. Dette er landet som fryser så mykje om vinteren at dei har laga eit lågt bord med innebygd varme og teppe over, så du kan sitje under teppet og varme deg gjennom heile vinteren. Konseptet heiter kotatsu og gjer det umogleg å vere produktiv fordi du berre sovnar med ein gong du set deg under teppet.

Mitt tips er å ta ein tur innom butikkjeda Loft som gir deg etasje på etasje med ting du heilt sikkert eigentleg (ikkje) treng. Til dømes handvarmarar til vinteren, søte planleggjarar, glitrande dekorasjonar til mobilen og batteristyrte figurar som kjeftar på deg viss du held kjøleskåpsdøra oppe for lenge.

http://www.flickr.com/photos/dozodomo/8289840797/

Foto: Dozodomo. Brukt med CC-lisens.

7. Den tradisjonelle kulturen

Japan blir sett på som eit land av kontrastar, gammalt og nytt side om side. Den gamle japanske kulturen er verkeleg i svært grad levande også i dagens moderne samfunn. Det merker ein spesielt når ein forlèt storbyen til fordel for mindre stadar. Om ein reiser til den tidlegare hovudstaden Kyoto kan ein til dømes få auge på geisha, underhaldningsartistane som har via livet sitt til å vere levande kunst. Om ein er nysgjerrig på korleis ein ville sett ut med all den sminka, håret og kleda, er det mogleg å bli utkledd som geisha i studio og bli tatt bilete av fotograf i gatene i Kyoto. Anbefalast!

geisha

Foto: Kate Nevens. Brukt med CC-lisens.

Elles er Japan landet som har gjort te til ein kunst, nemleg teseremoni. Dette er ikkje ein kunstform å spøke med. Korleis ein skal tilberede teen og servere han er omhyggeleg planlagt ned til minste detalj, så her gjelder det å ha rett finger på rett stad, viss ikkje blir det feil. Om ein prøver seg på dette får ein smake matcha, japansk grøn te i pulverform, og søtt tradisjonelt godteri. Matcha har blitt ein viktig japansk ingrediens som blir brukt alle slags matvarer, alt ifrå sjokolade til is. Tek du turen til Japan bør du smake matcha i ei eller anna form. Eg vil anbefale å teste ut Starbucks sin matcha frappuccino med krem!

Tea Ceremony at Hotel Okura

Foto: Iris. Brukt med CC-lisens.

For å oppleve tradisjonell kultur anbefalast det spesielt å besøke Kyoto, fordi byen var hovudstad i Japan i 1000 år, og difor gjerne blir sett på som den kulturelle hovudstaden i landet.

8. Japanske varme kjelder

Varme kjelder blir i Japan kalla onsen. Desse er vanlegvis kjønnsdelte, så det er vanleg å vere naken. I dei fleste onsen finst det mange ulike bad ein kan prøve, både ute og inne. Det er utruleg forfriskande å sitja i eit varmt bad ute i mørkret medan lufta rundt ein er kald, eller å liggje naken på ein treveranda for å kjøle seg ned etter eit varmt bad og sjå på stjernene.

Kurokawa Onsen

Foto: David McKelvey. Brukt med CC-lisens.

9. Purikura

Japanarar blir alltid overraska når ein fortel dei at det ikkje finst purikura i utlandet. Dei har vanskeleg for å forstå korleis vi kan dokumentere at vi er sosiale saman med vener når vi ikkje kan stikke innom ein fotoboks for å ta bilete saman. Purikura er altså  fotoboksar som har som formål å gjere ein så pen som mogleg. Det er som Photoshop, berre med endå meir latterlege resultat. Etter å ha tatt bileta og bestemt bakgrunn for desse, skal du dekorere bileta med penn på ein touch-skjerm. For å ta eit suksessfullt purikura-bilete treng du ein søt posering, eitt eller to peace-teikn på lur og noko passe trivielt å skrive (t.d. «I dag har vi ete nudlar!» eller «Vi er venner!»). Bileta blir deretter printa ut på klistermerkepapir så du kan bruke bilete av deg sjølv til å dekorere alle eigedelane dine.

happy!

Foto: Erika Kline. Brukt med CC-lisens.

10. Kultursjokket

Det er rett og slett overveldande å besøke eit land så utruleg annleis enn Noreg. Folketalet er ufatteleg mykje større, men fordelt på eit omtrent like stort areal. Japan er dessutan ein øynasjon som gjennom historia har veksla mellom å isolere seg heilt frå utanlandet og å suge opp kunnskap og kultur frå utanlandske impulsar. Resultatet er eit ofte forvirrande, men heilt spesielt land. I byrjinga verker alt rart. På restaurant blir ein servert ein varm, våt klut å vaske hendene med. Alle stirer på ein fordi ein skil seg så mykje ut i mengda som utlending. Kvinnene brukar paraply og svarte hanskar for å beskytte seg mot sola når vi nordmenn ville reagert med å kle av oss så mykje som mogleg for å sole oss. Det er bråkete overalt på grunn av alle lydane frå butikkar, reklamer og folk, og det er folksomt overalt. I matbutikken sel dei tørka heile fiskar i alle storleikar som snacks. Butikktilsette ropar høgt med tilgjorte nasale stemmer for å tiltrekke seg merksemd. Om du reiser til Japan er du garantert å bli forvirra og sjokkert over alt det uvante du støter på, men dette er også litt av sjarmen. Alle overraskingane ein vil møte på er eigentleg i seg sjølv god nok grunn til å besøke dette unike landet.

Sunset over Shinjuku

Foto: Joi Ito. Brukt med CC-lisens.

Headerbilde: mrhayata via photopin cc.

Ingvill Kjærstein bur i Kyoto i Japan og studerer japansk. Ho er glad i bøker og blir lett distrahert av ting som glitrar.