Anmeldelse: Runner Runner

Gambling, damer og Costa Rica; «Runner Runner» blir eigentleg litt for mykje Hollywood.

Det er alltid underhaldande med filmar Justin Timberlake er med i. Boybandsongaren og eks-kjærasten til Britney Spears som vakna ein dag og tenkte, Neh. Eg vil bli skodespelar. Det kanskje aller mest underhaldande med Timberlake si skodespelarkarriere er at han faktisk er ganske dyktig. Til tross for minner om ein spinkel krølltopp på tidleg 2000-talet som dansa synkronisert med fire andre gutar, har Timberlake i dag fått ein ganske respektabel skodespelarstatus i Hollywood. Og er det noko den siste filmen hans, Runner Runner, ikkje manglar på, så er det Hollywood.

Plottet i seg sjølv er ganske enkelt: Richie Furst (Timberlake) er ein mann i tidleg tredveåra som hadde ein ganske god og lovande karriere innan aksjer, heilt til finanskrisa kom i 2008 og han mista alt. I kjølvatnet av finanskrisa bestemmer han seg for å ta ein mastergrad i økonomi, og, sidan han er son av ein avdanka gambler,  finansierar han studiene sine gjennom å skape eit online gamblingsamfunn på campus. Ein strategi som fungerar ganske fint, heilt til rektoren finner ut av det og ber han om avslutte arbeidet omgåande. Sidan han ikkje har noko anna form for inntekt bestemmer Richy, som er ganske smart og analytisk, seg for å gamble alt han har på konto på nettpoker, i håp om å vinne stort nok til å dekke dei neste to åra av studiet sitt.

RUNNER, RUNNER

Ting går derimot ikkje som planlagt, Richie blir svindla av nettstaden og taper stort. Noko som sjølvsagt gjer at han bestemmer seg for å søke utsettelse på alle hans kommande eksamenar og reise til Costa Rica (noko han tydlegvis endå har pengar til) for å konfrontere eigaren av nettkasinoet, Ivan Block (Ben Affleck). Til tross for at det blir gitt inntrykk om at Ivan er i all forstand umogleg å få tak i, går Richie imot alle odds og klarer å få seg invitert på ein eksklusiv fest der han ordnar seg eit møte med sjefen sjølv. Block, som har blitt multimilliardær på nettgambling, beklagar til Richie, tilbyr han tilbake alle pengane han vart svindla ut av samt litt til for å dekke skulepengane heilt. Og her kunne filmen lett enda. Problemet vart ordna og Richie kan gå tilbake til kvardagen som toppstudent ved Princeton. Det blir derimot ikkje særleg mykje film ut av dette dersom plottet endar der. Så i staden for å ta pengane og gå tilbake til livet sitt, bestemmer Richie seg for å ta Block sitt andre forslag, nemleg ein jobb i konsernet til Block, noko som sjølvsagt er betydleg mykje meir betalt.

Det er mykje champagne, gambling og lettkledde kvinner, og livet verka å gå som ein draum for Richie. Men, ettersom handlingsforløpet utviklar seg, viser det seg at Block, som også er etterlyst av FBI for svindel og utpressing, kanskje ikkje  er den han seier han er. Og slik startar maktkampen.

Runner Runner er i og for seg ein spenningsfilm som gjer det den lovar akkurat nok. Den er spennande, ein mistar ikkje tråden og ein vil vite korleis sluttresultatet blir. Men noko meir enn det er den ikkje. Sjølv om Timberlake er overbevisande nok i sin rolle, blir der mange logikkbristar i dømmekrafta, og Affleck sin rolle som mongulen Block verkar overfladisk og litt keisam. Om det er på grunn av Affleck eller manuset er vanskeleg å sei, utfallet er dog det same. Gemma Arterton si rolle som Rebecca, kjærleiksinteressen til både Block og Richie, verkar også lite truverdig og forsvinner fort i handlingsforløpet. Det verkar nesten litt som om Arterton si rolle i filmen er å vere sexy og å dra i nokon strengar det siste crescendoet av historien.

RUNNER, RUNNER

Det er tydleg å sjå at filmen har hatt eit ganske robust budsjett og det manglar ikkje på verken effektar eller filmkvalitet. Dessverre druknar alt dette dersom innhaldet ikkje er godt nok, og det er det ikkje. Filmen sitt mål med å få Timberlake sin karakter til å vere ein slags Mark Zuckerberg av gambling slår også feil. Ikkje på grunn av Timberlake sin innsats i rollen, men på grunn av svakheitane i manuset. Det er tydleg å sjå at filmen aspirerar delvis til å bli ein slags kasinoversjon av the Social Network frå 2010, men det manglar både djupden og den intellektuelle utførelsen for å nå opp på same standard. Det svake manuset kombinert med vanlegvis dyktige skodespelarar som dessverre forsvinner i seg sjølv, blir Runner Runner ein av dei filmane ein har gløymd dagen etter at ein såg den. Noko som igjen gjer at den er og forblir ein terningkast to (pluss).

Filmen har premiere på norske kinoar fredag 18.10.

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.