Anmeldelse: This Is the End

Det tok si tid, men Seth Rogen sin film This is the End har endelig premiere på fredag.

Kva skjer når du tar ein gruppe kompisar, som tilfeldigvis er ein gruppe respekterte komikarar og skodespelarar i hollywood, kombinerar det med eit samfunn som stadig vekk finn nye datoar for når ragnarokk og apokalypsen slår til? Jo, du får det som kanskje kan omtalast som tidenes stoner-katastrofekomedie. Om det i det heile tatt er eit ord.

Dette er filmen der ein møter James Franco slik han var då han høg som ei pipe var vert saman med Anne Hathaway under Oscar-utdelinga i 2011. Der Jonah Hill parodierar sin rolle som America’s Sweetheart, der Emma Watson bankar ned ei dør med ei øks og Michael Cera sluttar å vere den søte, rare gutten frå Youth in Revolt.

Plottet er enkelt, Jay Baruchel kjem på besøk til sin gode kompis Seth Rogen (som forresten er han som saman med Evan Goldberg skreiv og regisserte filmen). Seth bur i Hollywood og er blitt god venn med James Franco, Jonah Hill og dei fleste ”kule” kjendisane Jay ikkje kan fordra. Mot sin vilje blir Jay med på fest hos Franco, der han gjer sitt ytterste for å ikkje ha det kjekt og demonstrere dette. Så kjem apokalypsen. Bakken opnar seg, Jason Segel dør, Rihanna dør, dei fleste dør. Att sit James Franco, Seth Rogen, Jay Baruchel, Craig Robinson, Jonah Hill og Danny McBride, barrikert inne i huset til Franco. Og så byrjar komedien på ordentleg.

this-is-the-end_03

Med det ein berre kan anta er eit svært overdådig produksjonsbudsjett kombinert med mykje runkehumor, ein god dose sjølvironi frå samtlege skodespelarar si side og (eg antar) eit stort arsenal med weed, er This is the End ein hysterisk morosam, sær, klein og artig film. Det er dog til advarsel muligens ikkje ein film du naudsynt ønsker å sjå saman med besteforeldrene dine, kanskje ikkje ein gong foreldrene dine. Underhaldningsverdi har den i alle fall til tusen, til tross for at slutten verka ein smule langdryg og litt kasta inn for avslutningas del, så er det likevel ein film verdt å sjå. Om enn motivasjonen bak å sjå filmen ikkje er plottet i seg sjølv, men meir sjansen til å stirre på kroppen til James Franco.

Terningkast: 5

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.