Anmelding: Masters of Sex

Når ein høyrer tittelen «Masters of Sex» er det lett å tru at det er snakk om porno. Men ikkje la deg lure av namnet, denne Golden Globe-nominerte dramaserien er mykje meir enn berre sex.

Handlinga i serien er sett til eit universitetssjukehus i Midtvesten i USA på 50-talet, der vi møter den arbeidsnarkomane gynekologen William Masters (Michael Sheen). Masters har alltid vore fascinert av menneskeleg seksualitet, men får ikkje lov til å drive med sexforsking på sjukehuset fordi det blir sett på som perverst. Han driver difor med forskinga si i skjul på si, med ei prostituert kvinne som medsamansvoren. Når Masters tilsetter den ambisiøse aleinemora Virginia Johnson (Lizzie Caplan) som ny sekretær, skyter sexforskinga fart og blir endeleg teken (litt meir) seriøst. Etter kvart som Masters og Johnson arbeider tettare saman, byrjer dei dessutan å utvikle kjensler for kvarandre. Dette skaper problemer på heimebane, der Masters har ei einsam kone, Libby (Caitlin Fitzgerald).

Hovudrolleinnehavarane Michael Sheen (Midnight In Paris, Twilight – Breaking Dawn I og II) og Lizzy Caplan (Mean Girls, Bachelorette) gjer veldig imponerande tolkingar av karakterane sine. Michael Sheen portretterer den tilbakehaldne og alvorlege Masters med stor overbevisning. Karakteren hans er ein mann som i vaksen alder framleis er prega av ein vanskeleg oppvekst. Han søker tilflukt i jobben sin, og er framfor alt opptatt av å hevde seg profesjonelt. Dette går ut over relasjonane hans, og han får etter kvart større og større problem med å takle livet utanfor kontoret sitt.

Den verkelege stjerna i «Masters of Sex» er likevel Lizzy Caplan i rolla som Virginia Johnson. Ho speler ei tøff aleinemor som kjempar for å forsørgje seg sjølv og dei to barna sine på eiga hand. Johnson er ei kvinne som ikkje bryr seg om kva samfunnsnormene seier at kvinner – og særleg mødre – kan og ikkje kan gjere. Til tross for at ho ikkje har nokon høgare utdanning, hevder ho seg raskt i jobben på sjukehuset, og blir motivert til å byrje å studere. Sjølv om ho som kvinne er i fåtall både i arbeidslivet og på skulebenken, vinner ho respekt for ambisjonane og intellektet sitt. Uvanleg seksuelt liberal for si tid, er ho håpefull for at sexforskinga til henne og Masters skal starte ei seksuell frigjering for kvinner. Haldningane ho møter i samfunnet når det kjem til kvinneleg seksualitet, morsrolla og synet på sterke kvinner, er like aktuelle i dag som på 50-talet. Og det mot formodning finst nokon der ute som framleis ikkje har fått augene opp for Lizzy Caplan, er dei dømde til å bøye seg i støvet av å sjå henne i «Masters of Sex».

I tillegg til å gi sjåaren innblikk i liva til hovudpersonane Masters og Johnson, blir vi også introdusert for mange av dei andre tilsette på sjukehuset. Som vanleg har dei fleste noko å skjule, nokon meir alvorlege hemmelegheiter enn andre. Noko som imponerer med «Masters of Sex» er at serien går i djupna hos dei forskjellige karakterane, og forteller ikkje berre korleis dei er og kva dei gjer, men prøver også å vise oss kvifor. Bi-historia som gjer mest inntrykk er nok ein av karakterane sin kamp mot sin seksuelle legning. På 50-talet var homofili sett på ein sjukdom som måtte behandlast, og vi blir mint på kor forferdeleg det rådande synet på homofili var i USA for ikkje så lenge sidan. Serien tek også opp ein rekke andre spørsmål som forholdet mellom sex og kjærleik, og den tradisjonelle familiemodellen med ekteskap og barn.

Kanskje det aller beste med det heile er at serien er basert på ei sann historie. William Masters og Virginia Johnson var faktiske personar som revolusjonerte sexforskinga i si tid. Dei utmerkte seg særleg i fagfelta menneskeleg seksuell respons og seksuell dysfunksjon. Grunnlaget for serien er biografien «Masters of Sex: The Life and Times of William Masters and Virginia Johnson, the Couple Who Taught America How to Love» av Thomas Maier.

Den første sesongen av Masters of Sex går an å sjå blant anna på HBO Nordic. Serien er fornya for ein andre sesong som kjem ut i år!

Ingvill Kjærstein bur i Kyoto i Japan og studerer japansk. Ho er glad i bøker og blir lett distrahert av ting som glitrar.