Anmelding: Natt til 17.

Hugsar du korleis det var å vere 15 år og forelska? Korleis det var å vere 15 år og så vaksen som ein aldri hadde vore før? Om å smugrøyke og stjele alkohol? Sebastian Torngren Wartin og Erik Svensson tar i sin nye film Natt til 17. tar for seg nettopp denne sinnstemningen av å vere femten år, forelska og veslevaksen på ein eigen, vakker, kunstnerisk og ekte måte.

Kva var eigentleg mest intenst då ein var 15 år? Å vere forelska eller å vere bestevennar? I filmen Natt til 17.,  regissert av Erik Svensson, følger vi Amir og Sam som har vore bestekompisar så lenge dei kan hugse. Problemer oppstår derimot når Sam på dagen før 17. Mai innrømmer for Amir at han held på å bli saman med Amirs ekskjærast, Thea, som Amir hadde håpa å vinne tilbake i løpet av natta. Seinare på dagen dukker alle opp heime hos Thea for heimefest, og så eskalerar det. Og det eskalerar både raskt og heftig.

natt17-1

Til tross for at dette i hovudsak kan seiast å vere ein ungdomsfilm, er dette ein film som alle med ei ungdomstid bak seg kan relatere til. Regissør Erik Svensson kombinerar brilliant Sebastian Torngren Wartins manus med det visuelle. Filminga er enkel, med låg djubdeskarpheit og bevisst fokusering, som, saman med eit svært godt og passande valg av soundtrack, er med på å løfte opp filmen til å nå sitt ypperste potensiale og hever det narrative og dramaturgiske til eit nytt nivå. Det er også svært gode skodespelarprestasjonar, til tross for det er debutfilmen til omlag samtlege av hovudrolleinnehavarane. Mohammed Alghoul gjer ein spesielt og nevneverdig god jobb i rollen som Amir.

Dette er ein film som vekker fram dei mest pinlege og nostalgiske minnene og, for oss som ikkje lenger er 15 år gamle hormonbomber, verkar som eit intenst ekko frå då ein  sjølv var 15 og forelska og alt. For ein var verkeleg alt då ein var 15 år. Det er fnisete jenter og billig rosévin med ”akseptabelt høg alkoholprosent”, det er klining i baksetet og kleine, men søte sexscener. Det er jenter som spyr etter for mykje vin og gutar som sloss i staden for å grine. Dette er ein klein, intens, brutal og vakker film om vennskap, puppy-love og om å innsjå sin eigen og andres mennesklige feil og manglar –  alt i alt ein film ungdomen kan relatere til og vaksne kan kjenne seg att i.

Terningkast: 5

Filmen har premiere fredag 4. april.

Alle foto: Maipo Film

Skrevet av Kristina Kvåle og Viktoria Bumbulucz

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.