Anmelding: August: Osage County

Ein ode til det dysfunksjonelle og tragiske.

«Thank God we can’t tell the future, we’d never get out of bed,» seier Julia Roberts i sin nyaste film August: Osage County som har premiere på norske kinoar 7.  februar. I all sin simplisitet kan ein sei at denne vesle setninga oppsummerar heile filmen. Ein film som handlar om familie, på godt og vondt. Men kanskje mest vondt.

Filmen byrjar med Beverly Weston, familiens patriark, spelt av Sam Shepard. Beverly bur i Osage County med kona si, Violet (Meryl Streepp). Ho har kreft i munnen og er avhengig av smertestillande og beroligande medisinar. Han er ein tidlegare universitets professor som har funne sin trøst og tryggleik i alkoholen. Saman lever dei i huset der dei oppdro sine tre døtre (spelt av Julia Roberts, Julianne Nicholsen og Juliette Lewis). Med gardiner teipa fast så sollyset ikkje skal sleppe inn. Heilt til Beverly ein dag ansetter ei hushjelp til å bu hos dei, et middag, går ut døra og aldri kjem tilbake.

Dagar går, det blir slått alarm og familien samlast, så kjem beskjeden: han er død. Truleg sjølvmord. I etterkant av dette blir det fortalt ein intrikat historie om familieband, svik, sorg og sjølvbedrag, som alt har enda i eit familiesamhald utan samhaldet. Meryl Streep er svært overbevisande i si rolle som bitter, nevrotisk og pilleavhengig som resultat  av eit tøft liv, sjukdom og skuffelsar. Dette er ein film full av løynde intriger ein trippar rundt og unnviker, om systrer som ikkje lenger kjenner kvarandre, og eit familiefundament med djupe sprekkar i grunnmuren.

Med store og anerkjende skodespelarar som Meryl Streep, Julia Roberts, Ewan McGregor, Benedict Cumberbatch, Abigail Breslin og Dermont Mulroney – er dette ein film som berre med si besetning skapar forventingar med store fallhøgder. Det blir derimot svært tydleg når ein ser filmen utvikle seg at alle saman har solide og vindsterke fallskjermar. Til tross for sitt unektelege amerikanske preg, er August: Osage County ein svært god, gjennomført og truverdig film. Kanskje ikkje for folk med hundre prosent funksjonable familiar, men for alle oss med litt riper i lakken og sparkla sprekkar i grunnmuren blir filmen svært familiær.

Filmen, som har fått to Oscar-nominasjonar for beste kvinnelege skodespelar (Streep) og beste kvinnelege støtte-skodespelar (Roberts),  er skriven av Tracy Letts og gjorde det fyrst storslått på Broadway som skodespel. Skodespelet vann Pulitzer-prisen i 2008 for beste drama. Filmen er regissert av John Wells, som gjer ein glimrande jobb i å fange det enkle og veve saman det visuelle med det narrative. På visse tidspunkt er det nesten som om ein sjølv kan puste inn den tjukke, støvete, varme Oklahoma sommaren og kjenne det tette seg i brystet av støv og løyndomar. (For ikkje å snakke om det beste med heile filmen, tatt ut av kontekst, nemleg at ein får sjå Julia Roberts sin fryktlause, herlege, gråe ettervekst).

Terningkast FEM.

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.