Den internasjonale jentedagen

Jente-i-hvite-brudeklr-og-slr

Det er 11. oktober, i dag, er den internasjonale jentedagen. Men veit du eigentleg kva den internasjonale jentedagen er?

Den 11. oktober 2012 vart den fyrste internasjonale jentedagen markert. Dagen vart vedtatt av FN den 19. desember året før og markerast for andre år på rad i dag. Det høyrest kanskje litt rart ut? Kvifor skal vi ha ein jentedag den 11. 0ktober når vi allereie har ein kvinnedag den 8. mars? Fordi det er to dagar som fokuserar på to ulike aspekter av same sak.

Den internasjonale jentedagen er ein dag som i all sin hovudsak fyrst og fremst handlar om jenters likeverdige rett til utdanning verda rundt. De har kanskje sett plakatane på t-banen, trikken, bybanen, bussen, utanfor kjøpesenter, inne på kjøpesenter, i aviser og magasin? Plakatar av unge jenter med teksten «Because i am a girl» under. Det er dette den internasjonale jentedagen sitt hovudfokus er; å synleggjere dei store kjønnsforskjellane kring i verda som vi så lett snur eit blindt auge til.

Nå er det svært viktig at ein ikkje byrjar å samanlikne ulike stadier av feminisme. Vestlege feministiske kampsaker er endå viktige. Men dei er av ein anna natur. Vi i Noreg, og det vestlege samfunnet generelt har berre kome lengre i kampen for likestilling mellom kjønna. Langt nok til å ta tak i dei sakene ein kun kan ta tak i når elementære rettar, som blant anna stemmerett, rett til utdanning, ytringsfridom, rett til å bestemme over eigen kropp,  allereie er underforståtte og vedtekne. Desse rettane har vi i dag i vårt samfuun meir eller mindre vedtatt. Det betyr ikkje at det er slik i resten av verda. For resten av verda eksisterar også, og den er meir enn dyre feriemål og kule safariar. Det er land med byar og landsbyar fylde med jenter, unge jenter, som treng hjelp og merksemd.

PLAN_INFOgrafikk_utdanning

Unge jenter som blir nekta retten til utdanning kun fordi dei er jenter. Unge jenter som blir voldtatt fordi dei er eit kjønn og ikkje eit individ. Unge jenter som døyr i barsel. Unge jenter som blir tvangsgifta til vaksne menn. Unge jenter med HIV og AIDS. Unge jenter som aldri har hatt retten til å bestemme over sitt eige liv, sin eigen kropp eller si eiga framtid. Unge jenter som blir frarøva rettar som vi i dei vestlege landa ser på som elementære og sjølvsagte.

Det er så utruleg lett i vårt samfunn å distansere oss frå alt som foregår der ute. I dei andre delane av verda. Der sivilisasjonen ikkje har utvikla seg i same retning som det vårt samfunn har. Det er så lett å seie å, dei stakkars barna i afrika, og så ete opp alt på tallerken, som om det skulle få eit barn i afrika til å kjenne seg bedre.

For, sjølv om fleire jenter enn gutar, statistisk sett (ssb), oftare tar høgare utdanning i Noreg, er ikkje det dei same tala på verdsbasis. På heimesida til FN står det:

Jenter er de fattigste, færre jenter enn gutter fullfører grunnskolen, jenter utsettes for mer kjønnsbasert vold og langt flere jentebarn dør før de har fylt fem år.

Jenter har også større risiko for å bli smittet av hiv enn jevngamle gutter, samtidig som komplikasjoner under graviditet og fødsel nå utgjør den største dødsårsaken for jenter mellom 15 og 19 år. Globalt finnes det 75 millioner jenter som ikke går på skole. Som konsekvens av dette er to tredjedeler av alle analfabeter i verden kvinner.

Så kva gjer ein? Korleis kan vi forbedre desse tala? Korleis kan vi rette opp desse feila og utjamne dei samfunnsskapte ulikskapane mellom kjønna på ein global basis? Du kan blant anna bli jentefadder hjå Plan-Noreg. Eller du kan rekke opp handa for jenter her. Har du sjansen og midlane så kan du alltids reise til utanlands og arbeide som frivilleg og hjelpe kvinner og jenter der dei er.

Men kanskje viktigast av alt kan du hjelpe og forbedre ved å skape blest kring temaet, ved å få kunnskap og vidareformidle denne kunnskapen kring den globale kjønnsproblematikken. Ved å sette problemet på dagsorden. Via Facebook, Twitter, Instagram, Tumblr, blogg, kva det skulle vere. Ei opplyst verd er ei verd som kan lettare og raskare skape endringar. Kunnskap skapar engasjement og engasjement skaper endring. Og vi treng ei endring. For det er millionar av jenter og kvinner der ute som er så bra, men som aldri får sjansen til å bevise det. Verken til seg sjølv eller andre.

Bildekilde: Plan Norge

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.