Den tabulagte feminismen, historiske kvinner og kvinner i media

kjonn

Dei siste månadane har det rasa med ulike samfunnsdebattar omhandlande kvinner, kvinners rettar og feminismen. Det vere kor vidt det kan kallast kunstnerisk legitimt av Miley Cyrus å sitte naken på det som må ha vore ein grusomt kald wrecking ball, kampen mot den nye regjeringas tåplege reservasjonsrett eller fødselsmagen til fotballfrua – feminismen og feministisk baserte debattar har rasa i media.

Dette er sjølvsagt noko eg personleg syns er ein bra ting. Feminismen er nemleg ein bra ting. Ein ting som ikkje er bra er kor tydleg feminismen som omgrep blir mistolka og feilbrukt i desse debattane. Ein misrepresentasjon som ikkje berre er fruktlaus i det offentlege rom, men som også får dei som forheld seg til misrepresentasjonen til å verke som ikkje berre ureflekterte, men også kunnskapslause. Dessutan er slik feilformidling med på å tabulegge det allereie svært tabubelagte ordet feminist som igjen er med på å til ein viss grad akreditere feministar for deira ytringar og standpunkt som hysteriske kvinner som ikkje berre hatar menn, men også kvarandre.

Så, for ordens skuld, la oss slå opp i ordlista under bokstaven F og sjå kva definisjonen av feminisme er. På UIO si online ordliste står det:

feminisme m1 (fr)

 

1 det at kvinnelege innslag og synsmåtar kjem fram i samfunnsliv, litteratur og liknande

 

2 rørsle, arbeid for jamstilling mellom kvinner og menn; kvinnesak

Jamstilling. Likestilling for de som skriv bokmål. Ingenting om kvinne(herre)dømme. Berre jamstilling. I samfunnet, kulturlivet, arbeidslivet – i livet. Interessant. Så kvifor i alle dagar har feminismen fått eit så dårleg rykte på seg?

Manglande kunnskap skapar manglande innsikt

Feminismens nyare, og feilaktige, synonymitet med bh-brenning, kastrering og ubarberte armhol skuldast, trur eg, i stor grunn to ting. Misrepresentasjon i media og nesten ikkje-eksisterande undervisning omhandlande kvinnesaksbevegelsen eller feministisk historie i grunnskulane.

Den siste delen finn eg ekstremt interessant, og det er noko som repetetivt vart tatt opp på seminar då eg tok faget innføring i tverrfaglege kjønnsstudier ved universitetet denne hausten – kvifor lærer vi så lite om kvinner, kvinnesaka og feminismen? Dette er noko som eg alltid endar opp med å komme tilbake til når eg diskuterar feminisme med mine diverse venner, som også, med svært liten redsel for å bli sett på som ein mannshater eller traktorlesbe, tør å kalle seg feministar. (Til opplysning meiner eg personleg at ordet traktorlesbe er eit så nedverdigande ord at eg føler eg bør nemne her i parantes at eg kun brukar det for å illustrere andre sine fordommar og som på ingen måte reflekterar mine eigne haldningar). For kva lærte vi eigentleg om kvinnefrigjeringa på barneskulen? Eller på ungdomsskulen? Eller på vidaregåande?

Vel, vi hadde jo om Camilla Collett. I norsken. Det var jo tross alt ho der som skreiv den der (eigentleg superkeisame) boka Amtmannens Døtre, og det var jo ganske stort fordi det omhandla kvinner og var skriven av ei kvinne. Men vi leste jo ikkje Amtmannens Døtre. Og vi lærte vel eigentleg ikkje noko meir om kvifor den var så viktig for kvinnerørsla, eller kvifor Camilla Collett var så viktig for den norske kvinnerørsla. Faktisk så lærte vi vel eigentleg meir om Camilla Collett som syster til Henrik Wergeland, og om kor ekstremt ulukkeleg forelska ho var i Welhaven. Norskboka eg personleg hadde på vidaregåande, Panorama, var i alle fall ikkje interessert i å fortelle meg noko meir utover det. Så når vi plutseleg skulle ha om Collett i pensum i kjønnsstudier kjente eg ein ekkel kjensle av vegring. Dette kom til å bli keisamt. Camilla Collett er keisam. Heilt ærleg, og open for kritikk av min eigen dømmekraft og intellekt, så var mi haldning fram til denne hausten at Camilla Collett alt i alt var ei småleg overprivelegert borgerkvinne, som på grunn av sin bror Henrik Wergeland fekk sjansen til å utgje ei bok kalla Amtmannens Døtre (som eg personleg fann lite fengande då eg leste den som 16-åring av fri vilje). Ho framsto for meg som ei overvurdert, 1800-tals bimbo som ikkje klarte å komme over Welhaven eller å stå opp til bror sin. Så feil kan ein ta.

482px-Camilla_Collett_av_Johan_Gørbitz_OB.00806
Malt av Görbitz i 1939.

Den historiske Camilla Collett

For det vi ikkje lærer om Camilla Collett i norskbøkene eller samfunnsfagbøkene eller historiebøkene på skulen er kor essensiell ho var for kvinner i det politiske ordskifte. Kor banebrytande ho var. Og mitt spørsmål er kvifor i alle dagar lærer vi ikkje om dette? Kvifor skal det interessere oss at ho var ulukkeleg forelska i Welhaven, meir enn det skal interessere oss at ho, som kvinne i ei tid då kvinner vart sett på som uintellektuelle, aseksuelle vesen, som etter lov var eigedomen til sin ektemann, og som dersom ho viste noko form for frustrasjon, irritasjon, eller noko form for seksualitet, vart undskulda med at ho var kvinne og difor styrt av hysteria – den vandrande livmor som gjorde kvinner utilreknelige. Kvifor lærer vi ikkje meir om kor fantastisk stort det er at ho til tross for dette (og ja, sikkert mykje på grunn av hennar ståstad i borgarskapet og slektskap til Wergeland, men det er ikkje noko mindre av ein bragd i seg sjølv) braut gjennom i det offentlege ordskifte? Altså, med mangel for bedre ord; WHAT THE FUCK? Er det slik at dersom ein skal kunne få noko kjennskap og kunnskap til kvinnefrigjeringa, kvifor den var viktig, korleis den var viktig og kva for kvinner som var med på å skape den, så må ein ta 10 studiepoeng i tverrfaglege kjønnsstudier ved universitetet?

Gjennom heile grunnskulen og vidaregåande lærer vi om historiske samfunnsendringar og situasjonar. Vi lærer om apartheid i Sør-Afrika og om Nelson Mandela. Vi lærer om korleis europearane kom til Amerika og stjal landet til dei innfødde og slakta dei. Vi lærer om slaveverksomheita i USA, om Martin Luther King Jr., om den franske revolusjon, den amerikanske revolusjon, om så og sei alle store samfunnsmessige omveltningar som har påverka eit folkeslag på den eine eller den andre måten — men av ein eller anna grunn så feilar vi å nevne den omveltinga som omhandlar anslagsvis femti prosent av verdas befolking? Eg seier ikkje at verken den franske revolusjon eller Martin Luther King Jr. skal bli nedprioritert i pensum, eg berre setter spørsmål med kvifor kvinnene har blitt det?

Og, berre eit lite apropos her sidan eg allereie har nemnt den franske revolusjon, kvifor lærer vi ingenting om Olymp de Gouges? Ho som vart halshogd etter å ha skrive om menneskerettserklæringa til kvinnerettserklæringa etter at ho fann ut at menneskerettserklæringa eksluderte kvinner. Kvifor måtte eg på universitetsnivå for å finne ut at det fans ei dame i Paris ved det namnet og den skjebnen? Kvifor verkar det som om synleggjeringsprosjektet (prosjekt om å synleggjere viktige kvinner som, på grunn av kjønn, har blitt skriven ut av historiebøkene) til kvinnerørslen konstant blir usynleggjort? Kvifor er kvinner i historien så tabubelagte?

Dei biologiske ulikskapane versus dei kulturelle skilnadane

Tilbake til start, feminismen. Trua på jamnstilling mellom kjønna. Så kjem det alltid nokon med det strålande argumentet «Hallo! Det er jo VESENTLIGE ulikskapar mellom menn og kvinner då!”, og svaret er ja, sjølvsagt er det det. Og det er ingen større bragd eller ære i å bli født verken kvinne eller mann. Vi er biologiske ulike frå fødselen av. Mykje demonstrert i innovertiss versus utovertiss. Men ærlig talt så har vel samfunnet komme lenger enn å henge seg opp såpass banale og barnlege faktum som om ein har livmor eller testiklar? For det er jo heilt uvesentleg. Kjønn satt til side så er vi alle mennesker, og mennesker er alle i teorien født med dei same behova og rettane. Ei livmor minskar ikkje desse behova og testiklar forstørrar dei ikkje, og heller ikkje vice versa. Resten, alt det som går utover dei generelle biologiske ulikskapane ved kjønna, er alle individuelle og knytta til person og ikkje kjønn. Berre sjå på Cecilia Brækhus eller Marit Bjørgen. For ikkje å snakke om Malala Yousafzai.

Det er viktig å hugse på at målet er ikkje at kvinner skal få allmakt i samfunnet, kulturlivet, politikken eller noko, målet er ikkje kvinnedominans. Målet er ingen dominans. Med fare for å gjenta meg sjølv, målet er jamstilling. Økonomisk, sosialt, rettsleg jamstilling. Ikkje meir og ikkje mindre.

Ja, samfunnet har utvikla seg og vi har oppnådd mykje, og ved kvart store mål ligg det tusen små bak og tusen små foran. For der fins relevant kritikk til samfunnet utover kvifor det er så vanskeleg å betale lik lønn for likt arbeid. Som dei påfølgande debattane som har rasa dei siste månadane. Til dømes, er det kunstnerisk legitimt for Miley Cyrus å sitte naken på ein betongball, eller nedverdigar ho seg sjølv for pengar? Er det legitimt av Fotballfrua å legge ut bilde av magen sin fire dagar etter fødsel? Det eg personleg reagerar mest på ved desse debattane er ikkje kor vidt dei faktisk har omhandla feministiske saker, men kor vidt dei har omhandla personangrep av einskildsindivid. Seksualisering av kvinner og kroppshysteri er ikkje noko ein kan bryte ned til einskildsindivids ansvar, i den forstand vil eg påstå at både Fotballfrue, som forresten har eit namn, Caroline Berg-Eriksen, og Miley Cyrus i stor grad kun er produkt av det samfunnet dei lever i.

Debattane er gode i seg sjølv og sin intensjon, personangrepa er kleine og ekstremt 1800-tals i karakter. Kor utruleg raske vi er, både kvinner og menn, til å oppføre oss som menneska i Christian Kroghs maleri Albertine i Politilegens Venteværelse. Så raske vi er til å ta den einskilde og ignorere omfanget. Så raske vi er til å tabubelegge. Det er kvalmt.

Christian_Krogh-Albertine_i_politilægens_venteværelse2

Headerfoto: Kristina Aurore Kvåle

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.