Ein ode til Oslo

602144_10151795810477656_831141767_n

«Du er akkurat der du treng å vere» er eit uttrykk eg meiner er gjeldande for alle menneske. Livet skjer der du er når du er der. Så kva skjer når ein byrjar lengte vekk frå det ein før lengta til? Dette er dilemmaet livet i Oslo har gitt meg.

Eg har budd i Oslo i om lag ein månad. På denne tida har eg starta i ny deltidsjobb, byrja studere og lært meg både trikkesystemet og t-banen. Eg har lært at både 7-eleven og Deli de Luca er døgnopet. At trikken sluttar å gå ein gong rundt midnatt på kvardagane og at eg då må gå heile vegen heim, med nøklane mellom knokane berre i tilfelle. Og at livet i Oslo ikkje er like rosenraudt og fortryllande, som eg alltid forventa meg at det skulle vere.

For nokre månader sidan kom Razika ut med ny singel. Oslo. Eg budde hjå bestekompisen min på St. Hanshaugen, leita etter jobb og leilighet og var livredd.

Eg sneik på trikken og hadde lengre samtalar med mamma og bestevenninnene mine og sa «nei, eg har ikkje funne noko endå, men eg er positiv. Eg trur det skal ordne seg dette her.» Og i mellomtida sto eg på kjøkkenet til bestekompisen min og såg på at han lagde ostekake og sang med til Oslo av The Little Hands of Asphalt. Eller høyrde Razika synge om at Oslo var vakkert. At ideen om Oslo er vakker, men at det berre ikkje funka.

Ei kjærleikserklæring og eit brot samstundes. Eg forsto det ikkje. Korleis kunne Oslo vere feil? Korleis kunne Oslo ikkje vere rett? Det verka for meg som at i heile, vide Noreg måtte Oslo vere den einaste staden der noko kunne i det heile nærme seg å vere rett.

Sidan eg var 16 år gammal har eg budd for meg sjølv. Det fins knapt grenser for kva slags hyblar eg har hatt. Alt frå nyoppussa kjellarar på toppen av bakketoppar til ein bitteliten loftsleilighet over ein garasje med dårleg isolasjon. Eg har budd med gutar og jenter, ukjende og kjende. Eg har aldri hatt heimlengsel.

I august flytta eg til Roma. Heilt åleine. Flytta inn i ei svær leilighet på Largo dei Fiorentini saman med fem andre nordmenn (og kvinner). Flytta frå brunost og filterkaffi til peccorinoost og espresso. Frå vodka med Sprite Zero, til raudvin til alle døgnets tider. Frå krone til euro, frå mamma til paven. Og eg hadde ikkje heimlengsel.

Sjølvsagt, eg sakna mamma. Eg sakna havet og vinden og filterkaffi. Men det var ikkje ein einaste morgon eg vakna og skulle ønske eg vakna på jenterommet i heimbygda mi. Ikkje ein einaste kveld eg la meg med ein klump i halsen og skulle ønske at senga eg sov i var lokalisert på eit kvitt loft på nord-vestlandet. Eg sakna heimlege ting, eg sakna folk, men eg lengta ikkje vekk. Ikkje ein einaste dag.

63984_10151795813587656_70076015_n

Oslo er annleis. Oslo er full av sakn. Lange, stressande dagar, vondt i hjartet og kalde gufs frå Aker Brygge. Eg har alltid vore den vestlendingen som har sagt at ikkje faen om eg skal til Bergen, Oslo er byen for meg. I det siste har eg derimot tatt meg sjølv i å lure på om eg har rett.

Ofte tenkjer eg tilbake til før nyttår.  Til då eg sto på kjøkkenet på St. Hanshaugen saman med kompisen min, med ferske romafrekner på skuldrene og nynna med til The Little Hands of Asphalt. Det var eit augneblikk som medan det skjedde kjendest ut som eit av dei der perifere, segnomsuste, avgjerande augneblikka. Som når Harry og Hermine dansar saman i teltet i Harry Potter og Dødstalismanene Del I. Eit augneblikk som sa; frå og med no, vil ingenting nokonsinne vere det samme.

Av og til kjennest byen ut som ein malacrux eg ikkje veit korleis eg skal overvinne. Eg har ikkje noko magisk sverd eller basilisktann. Berre eit hamrande hjarte og ein sliten kropp. Og for fyrste gong forstår eg endeleg kva Razika prøver å uttrykke. Eg kjenner sorgen i notane, høyrer skuffelsen i orda og lagnaden om fredsmekling på slutten. Ein lagnad om at alt håp ikkje er ute, sjølv om det verkar jævla dystert akkurat no.

Kjære Oslo, du ser så bra ut, men er ingenting for meg. Å, kjære Oslo. Vi kommer alltid tilbake.

Alle foto: Kristina Aurore Kvåle

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.