Fem kvinnelige bokdebutanter du bør sjekke ut

Writing

No er hausten over oss nok ein gong. Det regnar, det bles, det er sol, det er fargar som forsvinn. Best av alt; me kan leite fram den gode, gamle unnskyldninga om at me må vere inne att. Og kva kan vel då passe betre å underhalde seg med enn flotte, nye bøker? Oh Cherié tek her for seg fem kvinnelege debutantar og deira bøker som kom ut no i år.

Tornes-Tonje_Lars-Myhren-HolandTonje Tornes er nok den mest drivne av desse forfattarane, ettersom ein på CV hennar kan skimte teikneserieredaktør, antologiane Levende om døden (2004) av Bjarte Breiteig, og Rosa Prosa (2006) av seksten kvinner.

Ho er utgjeven av Gyldendal. Det er vore sagt om boka at ho er fantastisk, fengslande og kontrastfylt. Kanskje og sensuell. Boka ho har komen med er ein ungdomsroman med namn Hulder, og er ein av dei einaste nye fantasy-bøkene innanfor norsk litteratur. Hulder er som mange innanfor sjangeren ein trilogi, og vert i dette tilfellet starten på Kire-trilogien. Etterfylgjarane vil heite Demoni og Svarteboka. Serien tek for seg det mest mytiske frå bygde-Noreg, og Erik Skoglund og tvillingparet Trine og Tore står framfor noko dei ikkje har vore borti før. Den fyrste boka startar medan Erik er på fjelltur med mor hans.

Mor til Erik drep ei kvinne på turen, ei kvinne dei begge trur er ei hulder, men politiet trur noko anna. På same måte som det ekte liv, så havnar mor til Erik på psykiatrisk sjukehus i Sirdal, medan Erik havnar hos faren på ein gamal gard i nærleiken. Garden skjuler noko meir enn berre gamalt støv; der er ei jente med hale som er å sjå i krokane. Det er den tiltrekkjande hulderjenta Flora.

Erik pustet tungt der han delvis gikk, delvis klatret oppover fjellsiden. Flere ganger ristet han forunderet på hodet og så opp på moren, som med lette skritt kom seg opp den bratte stigningen.

Her er det en bekk, ropte hun til ham. – Tenk, det fortsatt finnes steder der vi kan drikke rent vann fra naturen.
Hun huket seg ned. Erik ble stående på en flat stein som virket malplassert i det myrete landskapet. han så rett opp i den røde nikkersrumpa. Slurpelydene hennes fikk ham til å rødme. Uten å tenke over det gikk han noen skritt til siden og ut i myra. Han så mismodig ned, det ene beinet satt fast til leggen I vann. Fuktigheten slapp taket med et langt svupp.

line

Mari Hoem Stokke-BakkenMari Stokke-Bakken er og ei Gyldendal-forfatterinne, og kom med sin fyrste roman Nesten for alvorlig no i februar. Ho vart fødd i 1986 og veks opp i Rennebu i Sør-Trøndelag. Har sidan en tid rukket å ta ein bachelor i litteraturvitskap på Universitetet i Bergen, og har eit år på Skrivekunstakademiet i Hordaland bak seg. Arbeidar for tida ved Bergen Offentlege Bibliotek.

Romanen Nesten for alvorlig er inga glad bok og har heller ingen lukkeleg slutt. Det me får vere vitne til er hovudpersonen Helena sin personlege undergong. I byrjinga møter me Helena som er ein vellukka dirigent som plutseleg forlèt orkesteret fordi ho nettopp er lukkeleg. Så ho stikk til Alpane og ligg med ryggen mot den kalde, tynne isen, der det skjer ei endring i ho. Kjølege Helena er interessert i Larsen, ein mann ho møter i ein draum. Ho berre må skrive, må dikte fram Larsen. Det vert til ei bok om å ville tilbake til jorda man kom i frå, ei bok om å ville vekk frå verda og frå eit sjukt sinn.

Romanen er ein emosjonell murstein, og vert samanlikna med blant anna Julian Barnes (En fornemmelse for slutten). Det er med andre ord litt kraftig kost for dei som taklar deprimerande lesing. Men premien for å lesa boka er innblikk i eit musikalsk univers og mange gode skriftlege bilete.

En professor fra tiden på akademiet hadde ment at som kunstnere måtte vi ødelegge oss selv mest mulig. Sikte mot fullstendig forfall. Og når vi når dit? Hadde jeg spurt ham. Han ristet på hodet. Det ville være det samme som å dø. Kapitulere. Kunsten ligger i ferden mot, i å komme så langt ned som mulig. Han spilte kontrabass, det dypeste instrumentet. Jeg vet ikke om det var tilfeldig.

line

Happonen-SusannaSusanna Happonen er ein ung diktar på 32 frå Oslo. Ho bur no i Tromsø der ho arbeidar ved Hågoland teater som scenearbeidar. Bak seg har ho blant anna forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø. Happonen er utgjeven av Oktober Forlag.

Vi er ei diktsamling som tek for seg vi-kjensla, vi-et i samfunnet og fellesskapet som finns. Det er sagt om dikta at dei viser eit openbart talent for vellyd og rytme, at kvart dikt er som ei perle.

Dikta har fokus på vi-et, at der er eit vi i samfunnet, og det er vi-et mot dei andre. Dei skildrar ei verd med krig og øydelegging, ei destruktiv verd som er bygd opp og ramma inn. Det kan verke som om dikta er politiske og alvorlege, samstundes som dei vitnar om ei entusiastisk dugnadsånd som finns i vi-samfunn .

Vi våkner en morgen av sang i jernet
ser jentene dra på seg
gamle strømper med nye fingre
vi går ut vi går inn
i en ny arbeidsdag i et land
som er åtte ganger så stort som seg selv
vi går sorgene av oss.

line

aakreTiril Broch Aakre er diktar, kom 23. oktober med samlinga Kniplinger, frå Tiden Norsk Forlag. Ho er fødd i 1976 i Oslo, men bur no i Hakadal. I tillegg til å vere forfattar, arbeidar ho som overretter og konsulent.

Diktsamlinga tek for seg, som mange andre dikt, livet, og korleis det vert til og kva som er sluttresultatet. Skal ein med få ord då samle saman essensen til Kniplinger er det at samlinga skildrar livet frå vogge til grav. Det er ei samling som prøvar å finne korleis vi forstår oss sjølv og korleis vi ut ifrå det forstår verda. På ein måte er det ei tosidig historie i dikta, det heile byrjar med foreldra – dei er ein naturleg del av dikta – noko som er heller litt nytt når ein skal beskrive eit liv frå A til B.

De skal ha barn. De forbereder seg. De handler inn, de går på kurs. Han vil hjelpe henne, men i hvilken grad kan han egentlig det? Og så kommer barnet, og tiden blir en annen.
En klokke begynte å tikke da hun ble født
hennes alder
er resten av mitt liv.

line

Fjaeren-Eline-LundEline Lund Fjæren er desidert den mest kontroversielle av dei nye namna no i haust. Ho er ein 19 år gamal forfattar frå Aurskog-Høland, fødd i 1994 , som no bur i Bergen medan ho skriv. I juli kom ho med romanen Ung jente, voksen mann gjennom forlaget Oktober, på lik linje med Susanna Happonen.

Lund Fjæren har allereie fått mykje vind i segla, og er omdiskutert i litterære kretsar. Mykje på grunn av hennar unge alder i forhold til dei djupe innblikka i karakterane i boka; ei ung jente og ein vaksen mann med nesten tjue år mellom seg. Men i staden for å vere ei dryg bok om seksuell utnytting, så er det heller ei bok om to som er forelska og har alle odds mot seg i samfunnet. Det er korte kapittel og ei lettlest bok på 124 sider, men det er 124 sider med godt materiale og mange fine språklege bilete. Det er ei litt sår bok som tek for seg utroleg mange sider av det å vere forelska; for både mannen og for jenta.

Er du en ung jente som er forelsket i en eldre mann, er du et offer, men jeg klarer ikke se forskjellen på disse to tilstandene, på å være et offer og være forelsket, mener jeg. Begge deler er å bli fratatt friheten, å høre til andre enn seg selv.

Bilde av Tonje Tornes av Lars Myhren Holand.
Bilde av Mari Stokke-Bakken av Helge Skodvin.
Bilde av Susanna Happonen av Ola Røe.
Bilde av Tiril Broch Aakre av Paal Audestad.
Bilde av Eline Lund Fjæren av Finn Ståle Felberg.

Headerbilde av Rubin Starset på Flickr

Karoline Kilsti Vassenden er historiestudent, kaffisnobb, radiodame og evig naiv. Elskar bøker, bruktbutikker, sykler og mat. Har óg ein fjaseblogg.