Girl Power 2.0

8436166604_5a0eda7d62_b

Før Destiny’s Child song om uavhengige kvinner og overleverar, før Spice Girls profeterte om «girl power», fans kvinnene som var inspirasjonen bak. Kvinner som oldemor di, bestemor di, mor di. Girl Power er nemleg ”interkvinneleg” og for alle.

Då eg var fire år gammal var Spice Girls det største i heile verda. Eg og to av nabojentene i byggefeltet eg budde i pleidde å samlast i ei stove, kle oss ut i fjær og kjolar, med mødrene våre sine altfor høge hælar, og synge «Wannabe» for full hals. Det var kanskje fyrste gongen omgrepet «girl power» byrja å manifestere seg sjølv i hovudet mitt. Veslebror min på 19 seier alltid at sjølvsagt er han feminist, han har tross alt vakse opp med meg og mor mi og vore ein minoritet av testosteron i hushaldet, noko som alltid får meg til å flire. For om det var kjønnsdiskriminering i vårt hushald, så var det eg som drog veslebror etter bukseselane og tvang han til å vere min personlege slave.

Likevel så er feminisme for meg så mykje meir enn kvinner som brenner bh-ar, lar håret gro vilt alle plassar og hatar menn og sex. Ekte feministar hatar ikkje menn og sex. Ekte feministar elskar menn og sex. Slik er det berre.

Feminisme handlar ikkje om at kvinner er overlegne mannen, det handlar ikkje om eit amasonesamfunn eller om eit brennande hat mot det andre kjønn. Det handlar, når alt kjem til alt, om likestilling. Om lik lønn for likt arbeid. Om like rettar og like sjansar. Det handlar om utdanning, arbeid og val.

Eg er heldig som har vakse opp i ein familie full av sterke, kunnskapsrike og suksessfulle kvinner. Oldemora mi, som no er 96 år, var mor til fem og gift med ein sjømann. Gift med mannen ho elska. Når han var på sjøen over lengre periodar var det ho som tok seg av barna, og tidvis også andre barn som trengde det. Ho var, og er, det varmaste og snillaste og mest inkluderande menneske eg veit om.

old2

Bestemor mi valte å utdanne seg og vere yrkesaktiv kvinne på ei tid då dette ikkje var vanleg eller enkelt. Ho vart lærar, gifta seg med bestefar min, fekk fire barn og jobba. Ho var til og med ein av bakkvinnene til å opprette leirskuleordningane på 70-talet. Per dags dato så er ho den smartaste personen eg kjenner. Bestefar min var den fyrste mannen i bygda som trilla barnevogn!

Farmora mi er kanskje ei av dei modigaste kvinnene eg kjenner. I ei tid då skilsmisse verken var vanleg eller på mange måtar respektert, skilte ho seg og var aleinemor for tre gutar. Ho jobba hardt og la aldri nokon tråkke på ho. Ho er det Beyoncé, Kelly og Michelle kallar ein survivor.

Til slutt så har vi mammaen min. Den flottaste, mest reflekterte, omsorgsfulle og støttande mammaen eg kan tenke meg. Mammaen min som studerte, jobba og var aleinemor for meg og veslebror min samstundes. Som viser at ein kan ha den jobben ein ønskjer, den utdanninga ein ønskjer, det livet ein ønskjer, så lenge ein jobbar for det. Så lenge ein vil. Uavhengig av noko anna enn vilje og val og prioriteringar.

Difor syns eg at det er så forferdelig kjedelig og trist at vi, i 2013, lever i eit samfunn som i staden for å fortelje unge jenter og kvinner om alt dei kan gjere og få til, er mest opptatt av å fortelje dei at dei ikkje er bra nok. Ikkje tynne nok, pene nok, smarte nok, sexy nok, morosame nok eller anstendige nok. Ofte kan det verke som om media prøver å kviskre til underbevisstheita vår at uansett kva du gjer, vil det aldri vere bra nok.

Hundre år etter at den norske kvinne offisielt fekk stemmerett, blir vi endå satt i ulike stereotypiserte båsar ut frå sivilstatus, yrkesstatus og utsjånad. Det gjer meg trist. Spesielt trist blir eg når eg ser at desse båsane ofte er oppretta av nettopp kvinner.

Horestempel, kroppskompleks og baksnakking kjem oftare frå andre kvinner enn menn. Det at jenter er med på å halde jenter tilbake og øydelegge vårt eige syn på oss sjølv, knuser hjartet mitt. Vi er alle gode nok. Vi har alle Girl Power. Det handlar berre om å satse, om å ville. Det er tross alt nettopp det feminismen handlar om. Fridom til å velje!

Alle foto: Kristina Aurore Kvåle

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.