Kampen om nynorsken

Ivar-A.-Aasen

Då Aasen vart 200 år: nok ein debatt om nynorsk.

Det var måndag og august og Ivar Aasen hadde fått servert ei blautkake med heile 200 små lys på, hadde han endå vore i livet. På Internett og i media florera det, som det alltid gjer når det er snakk om anten: likestilling, helse-Noreg, NAV eller nynorsk. Som så mange andre nynorskbrukarar, las eg Bergens Tidene sin artikkel «Lenge leve spynorsken» og skreiv ein liten status eller to på Twitter om kor viktig og vakkert og skjørt Noregs andre skriftspråk er.

Eg trur siste gongen eg har fått så mange retweets og mentions i løpet av ein dag, var den storslåtte dagen i twitterkarriera mi for typ to år sidan, då eg skreiv ”Hotell Cæsar – kleint for oss, kleint for deg”. For ikkje å snakke om sist eg vart så ekstremt engasjert i noko så poenglaust som ein twitterdebatt. Noko som sikkert var kring då Siv Jensen kom med sitt tåpelege utsegn om snikislamisering. Med dette sagt, treng eg vel kanskje ikkje å utdjupe at eg på ingen slags måte er ein twitterkjendis eller twitterpersonlegdom. Berre endå ei jente i tjueåra som sit bak ein sliten mac og skriv småironiske satirer på 140 tegn eller mindre.

Det har seg nemleg slik at det er tre ting som engasjerer meg til kverulering når det kjem til politikk og samfunn. Feminisme, miljø og nynorsk. Tre tema, som for meg verkar så opplagte at det ikkje burde vere tvil om at kvinner skal ha like rettar som menn, at det er helveta dumt å borre etter olje i Arktis og at nynorsk er viktig. Ikkje berre for pensum sin del – men for at norske ungdomar skal kunne forstå sin eigen kulturhistorie og språkhistorie bedre. Kulturforståing. Rett og slett.

Det burde ikkje overraske meg når folk likevel viser seg å vere sterkt usamde i dette. Som tidlegare frontliner for Greenpeace har eg fått «jævla aktivist» ropt etter meg, og menn i dress, som meiner at oljeborring i Lofoten er det beste sidan Reagan var president i USA, flirer medan dei går forbi. Som kvinne har eg opplevd og sett andre kvinner få horestempel med meir, og godtatt det. For ei kvinne kan då verkeleg ikkje ha like mange seksuellepartnerar i løpet av eit liv, som menn. Og nynorsk. Nei, det er jo berre for dei hottentottane på Vestlandet som drikk Olden-vatn og går i Ivar Aasen-bokser, eller?

Ja eller nei til nynorsk?

Det kan nesten tidvis verke som om nynorskmotstandarane er litt lik mange homofobe. Løynde nynorskelskarar som ikkje heilt tør å komme ut av skapet endå. For det som verkar den vanskelegaste beskjeden å få fram i ein debatt om sidemål (som forresten i mitt tilfelle er bokmål), er at det ikkje handlar om nynorsk versus bokmål. Det er ikkje «min hest er større enn din hest» eller «min mamma er bedre enn din mamma». Det er nynorsk OG bokmål, som det er mann OG kvinne. Som det er menneske OG natur. Det handlar berre om like rettar, det er rett og slett endå ein kamp om likestilling.

Stille uttrykker eg desse meiningane på Twitter, og overraskande nok får eg til svar: likestilling som i 50/50? Eg byrjar flire, for spørsmålet er så dumt at det faktisk er lov å kalle eit spørsmål dumt. Eg svarer: fins det anna form for likestilling? Så kjem argumenta:

  1. Sidemål hemmar kreativiteten.
  2. Kvifor skal resten av Norges ungdommar måtte lære nynorsk når berre 25 prosent av befolkinga brukar det aktivt, og dessuten synker det talet konstant, så kva er vitsen?
  3. Nynorsk er kunstig for dei fleste nordmenn.
  4. Sidemålsundervisning gjer at andre fag, som realfag og samfunnsfag må vike.
  5. Du forstår jo bokmål bra fordi du er omringa av det hele tida, så kvifor kan ikkje du berre legge om til bokmål?
  6. Ivar Aasen er ein dått.

Nummer ein

Vi kan byrje frå toppen: Sidemål hemmar kreativiteten. Ein svært subjektiv og lite begrunna filososfisk påstand som får meg til å himle med auga. For, korleis kan kunnskap, ikkje minst språkkunnskap, hemme kreativiteten? Eit forlenga ordforråd er vel å føretrekke? På kva tidspunkt blir kunnskap unyttig? Når har informasjon gjort mennesket mindre informert? På kva tidspunkt har opplysning gjort mennesket mindre opplyst?

På skulen blir vi oppfordra til å lære framandspråk, blir meir kulturelle og lære mest mogleg om andre kulturar, samfunn og historie. Noko som er utruleg bra og utruleg viktig. Men kva i alle dagar seier det om oss når flesteparten ikkje ein gong orkar å lære seg sitt eige språk eller kulturhistorie, for ikkje å snakke om samfunnshistorie.

Albert Einstein sa at fantasi og kreativitet er viktigare enn kunnskap. Dette frå ein av det 20. århundrets smartaste menneske. Og eg må sei meg samd med han. For han er Einstein. Men samstundes så tenker eg; kor mykje fantasi har ein, om ein ikkje har noko kunnskap? For fantasi er jo leiking med kunnskap. Å strekke realitetanes grenser til noko nytt. Kor mykje kunnskap hadde ikkje Einstein før han kom fram til relativitetseorien? For ikkje å snakke om Stephen Hawking? Kor mykje kunnskap hadde ikkje han før han kom fram til strengteorien?

alberteinstein

Ofte forbinder vi kreativitet med kunstneriske sjeler som vil flytte til Paris, drikke champagne og raudvin medan dei røyker sigarettar og malar abstrakte nakenbilder i atelier langs Seinen. Og det er kreativitet det også. Men den enorme mengden med kreativitet som både Hawking og Einstein hadde for å kunne tenke seg fram til teoriar, som på det tidspunktet verkar ikkje berre merkeleg, men også heilt urealistiske – det er meir kreativitet enn kanskje nokon andre hadde under det 20. århundre. (Og eg seier kanskje, for kven veit?). Så korleis, KORLEIS, hemmar nynorskkunnskap kreativieten?

Nummer to og tre

I respons til påstanden om at berre 25 prosent brukar nynorsk, kvifor er det i så tilfelle slik? Er det fordi det er nærast deira talemåte? Eller er det fordi det er enklast. Enklast fordi ”alle” brukar bokmål. Enklast fordi pensumbøker, om dei står på norsk, er skrivne på bokmål? Enklast fordi ein er redd at folk ikkje skal skjønne kva ein meiner med ord som andlete, skilnad, korkje og hugleik? For er bokmål nære det norske språk utanfor Austlandet?

Ingen snakkar nynorsk eller bokmål, vi snakkar dialekt – vi skriv nynorsk og bokmål. Og når barn får umotivert obligatorisk nynorskopplæring i grunnskulen av umotiverte lærerar med dårleg nynorskkunnskap. For så å skulle bli norsklærer med begrensa kunnskap innan det norske språk på grunn av dårleg grunnlæring, vil dette føre til DÅRLEGE, UMOTIVERTE norsklærerar innan nynorsk. Og ingenting smittar meir over enn haldningar, og haldningar smittar lett og raskt. Spesielt i ung alder. Om ein ung elev merkar at læraren meiner at noko er uinteressant og irrelevant, vil eleven underbevisst avskrive temaet som nettopp det. Då kan det vel ikkje vere rart at nynorsk verkar keisamt for mange elevar? Og korleis i alle dagar kan eit skriftspråk basert på dei norske dialekter vere meir kunstig for ein nordmann med dialekt, enn eit norskt skriftspråk basert på det danske språk?

nynorsk

Nummer fire

«Sidemålsundervisning gjer at andre fag, som realfag og samfunnsfag må vike.» For å vere heilt ærleg skjønnar eg ikkje utsegnet heilt. Språkmessig, sjølvsagt. Men meininga bak det, på ingen måte. Har dei endra læringsplanane? Skal ein plutseleg kutte ut realfag og samfunnsfag til fordel for sidemål? For eg syns å hugse at eg hadde ein særs omfattande læringsplan i begge emner under barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande.

På vidaregåande er det jo til og med fordjupningstimar i begge fagfelta etter kva ein interesserar seg i. På kva gitt tidspunkt har samfunnsfag eller naturfag vikt for nynorskens del? For eg er ganske sikker på at der fins ein haug av svært kvalifiserte (og nokon overkvalifiserte) lækjarar, advokatar, professorar, vitskapsmenn og statsviterar som alle overlevde ein norsk grunnskule med både hovudmål og sidemål utan at det påverka dei andre faga. Vi er såpass heldige i dette landet at vi ikkje berre har eit, men tre skriftspråk, hundrevis av dialekter og to talespråk. Og då snakkar eg sjølvsag om nynorsk, bokmål og samisk. For ikkje å snakke om at det fins fleire måtar å skrive samisk på. Om vi skal snakke om noko verkeleg hårreisande, så er det korleis dagens læreplan undertrykkjer det samiske språk og kultur. Og ikkje korleis nynorsk angiveleg og utan bevis, øydelegg for undervisning i naturfag og samfunnsfag.

Nummer fem

Du forstår jo engelsk, du er omringa av det konstant via media. Så kvifor kan du ikkje berre legge om til engelsk? Eller fransk om du forstår det? Eller tysk? Eller spansk? Eller italiensk. Kanskje kinesisk? Altså, det går faktisk for det samme.

Nummer seks

Dått er flott.

Eg er svært så inneforstått med at denne typen artikkel kjem til å få mykje pes. Allereie no kan eg sjå for meg ein god del av responsen dette temaet kjem til å medføre. Så la meg avslutte med to små retoriske spørsmål: Korleis ville norsk litteraturhistorie og samfunn sett ut i dag utan Ivar Aasen? Korleis ville bøkene til Tarjei Vesaas, Arne Garborg, Olav Duun, Frode Grytten, Heidi Furre, Are Kalvø, Olaug Nilssen – korleis ville desse bøkene sett ut dersom dei ikkje var på nynorsk? For det er mykje poesi i nynorsk som er vanskeleg, om ikkje nærmast umogleg, å oversette til bokmål. Sjølv om setninga betyr det samme.

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.