MALAKOFF 2014 – Eit eventyrleg og musikalsk høgdepunkt

kk_200714_0034

Over 22 000 mennesker tok turen til den vesle bygda Nordfjordeid i helga for å få med seg eit av vestlandets største hendingar denne sommaren, nemleg Malakoff Rockfestival.

Isbitar, tenkte eg der eg sto i kø og venta på å få festivalbandet godt plassert på handleddet, eg skulle hatt isbitar. Eller, i alle fall, ei vifte og ei flaske med kaldt vatn. For i motsetnad til i fjor, då eg dansa i dryssande duskregn på ei tønne til The Hives, var vêret på årets Malakoff upåklageleg. Det var varmt, det var sol og ingen skyer var å sjå frå fredags formiddag til, vel, sola skin her faktisk endå. Eg hadde eigentleg kledd meg i svart. Svart skjørt og svart singlet og svart hår. Og sjølv om det var lite eg fekk gjort med hårfargen der og då, så forsvann skjørtet og singleten til fordel for ein meir luftig og varmereflekterande sommarkjole allereie to timar etter at campingen opna.

For det var hett. Hett på scena og hett i lufta. Det var jenter i bikini og gutar i shorts, og stemninga, vel, og dette kjem frå ein gammal travar når det gjelder Malakoff festivalen – stemninga var betre enn den nokon sinne har vore før. Ein draumestart på festivalen, som festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal uttala på pressekonferansen på fredagskvelden. Og med draumestarten følgde festivalen tradisjonen tru frå førre år med utsolgte billettar før fredagen var omme, og nye besøksrekordar begge dagane. Til saman husa Malakoff festivalen på Nordfjordeid over 22 000 besøkande, over 800 telt på campingplassen som tilsvara i overkant av 4400 camparar. Noko, som med tanke på kor liten eksersisplassen Malakoff eigentleg er og verkar, ikkje berre er imponerande men også nesten utruleg.

(artikkelen fortsetter under bildet)

nelliken

Eventyret Malakoff

Og det var ikkje berre besøkstala som var utruleg, men også årets line-up. For ikkje berre hadde den ”vesle” vestlandsfestivalen prestert å booke inn både Mastodon og Dropkick Murphys som headlinerband til festivalen; programmet kunne også tilby både gamle og nye malakoffartistar som Timbuktu, Karpe Diem, Opeth, Skambankt, Hedvig Mollestad Trio, Kåre and the Cavemen, Highasakite, Sivert Høyem, Bernhoft, Oslo Ess, Ylvis og mange fleire store og kjende namn. Og medan vi dansa med skvulpande øl i plastglas (for det er fyrste året nokon sinne at festivalen har gått frå flaskeøl til tap) gjentok vi det vi alltid gjentar kvar sommar der vi står på ekserisisplassen som kanskje flittigast har vore brukt til utegym og fjortisfest, at fy faen, tenk at desse banda, tenk at FÅKKINGS OPETH, er her. På Nordfjordeid. Fy faen.

For det er ganske utruleg; at ei lita bygd i ein kommune med om lag 5849 innbyggjarar (SNL 2010) husar det som må vere eit av vestlandets største og beste rockefestivalar. Utruleg når ein tenker på bakgrunnshistoria; tre ungdomar som medan dei gjekk vidaregåande skule starta ei ungdomsbedrift ved namn Malakoff. Ei bedrift med eit konsept om å gje kultur og musikk til ungdomen i distriktet. 11 år etterpå står vi der, ikkje lenger 650 publikummerar og ein line-up beståande av for det meste lokale musikarar, men over 12000 publikummerar på laurdagen åleine, ein stappa campingplass og ein utsolgt festival medan Dropkick Fucking Murphys spelar på hovudscena. Utruleg er berre mellomnamnet. I lokalavisene og blant lokalbefolkinga kallar ein det ofte Malakoff-eventyret. Og når du står der i Eidsgata og ser festivalgjengarar gå i bikini etter å ha bada enten i fjorden som rammast inn av store, dramatiske fjell eller i eidselva som renner rett nedanfor campingplassen. Når du ser sola skin og kjenner freknene poppe i takt med trommeslaga til trommisen i Opeth, så er det ikkje vanskeleg å la seg fortrylle.

(artikkelen fortsetter under bildet)

kk_180714_0243

Så fjord og fjell dansa

Det var ikkje berre vêret som var varmt i helga, også på scena koka det i alt frå tunge gitarriff til melankolske viser. På fredagen var det som om både fjord og fjell og himmel dansa i det Karpe Diem sto på scena og sang om livet og om Oslo. Og sjølv om det stakk i hjartet til ein utflytta nordfjording skråstrek innflytta osloværing og heile kroppen vart fylt av Oslosakn under konserten, var det heller ingen plass i heile verda ein nokon sinne ville vere akkurat der og då, enn i midten av menneskehorden medan øla skvulpa og ein skrålte om påfuglar, krølla femtilappar og bøygde sugerør.

Karpe Diem var dog ikkje den einaste hip hop gruppa som viste at til tross for sjangerkræsj, så høyrer dei meir enn nok heime på scena. Laurdagskveld ankom Timbuktu scena dei fire år tidlegare spelte på og det var fantastisk. Alt løyste seg, både på skånsk og norsk. Og til tross for at eg kjende meg ein smule snytt når dei ikkje avslutta Resten av ditt Liv med ”och må dina hårddiskar for evigt alltid krasja”, så var vi alle i himmelen og ingen av oss døde.

Både Sivert Høyem og Skambankt var også nokre av dei artistane som i likskap med Timbuktu tidlegare har spelt på festivalen og som utan noko tilsynelatande nøling har valgt å komme tilbake. For det må vere noko eige å stå der mellom bjørketre og juletrelys, innramma av elv og fjord og fjell medan publikum skrålar med til kvar einaste vise. Det er noko med stemninga, den særeigne Malakoff stemninga, som gjer at eg ikkje tvilar eit einaste sekund på genuiniteten til artistane når dei seier at det er godt å vere tilbake på Eid, tilbake på Malakoff.

Det var i alle fall stormande jubel då Sivert Høyem, innsvøpa i blått lys, inntok scena medan bandet spelte opp til den majestetiske visa Majesty. Det var innlevelse og allsang og herleg, herleg bittersøt melankoli slik berre Sivert Høyem kan vere. Jubelen uteblei heller ikkje på Skambankt konserten på Amfiscena. Og der er ikkje ein tvil i heile meg om at publikums skråling til O Dessverre og Malin var å høyre både klart å tydeleg langt opp i byggjefelta – ja, kanskje til og med heilt til nabobygda Hjelle.

(artikkelen fortsetter under bilda)

kk_180714_0267

Raudsprengde andlet, headbanging og irsk paddypunk

At det var ei helg fylt med musikalske høgdepunkt og storstemning på linje med ein folkefest utan like, er unekteleg. Og til tross for at Opeth kanskje ikkje er gruppa med mest sceneshow, var det ein god konsert som balanserte harde låtar med dei meir rolege, og det var raudsprengte andleter og hese fans som forlot konsertområdet etter ein time med growling og headbanging. Mastodon sparte heller ikkje på kruttet då dei avslutta fredagen med ein heidundrande konsert som for å minne alle på at dette er og blir ein rockefestival.

Ingenting slår likevel livet og stemninga som rådde over festivalområdet på laurdagsnatta då paddypunk bandet Dropkick Murphys inntok scena og spelte opp til ordentleg, no bullshit, irsk-amerikansk rockebonanza. Det er heller ikkje å kimse av at både vokalisten og bassisten i det kjende og respekterte norske paddypunk bandet Greenland Whalefishers, stilte opp for å høyre på og skråle med til irkse viser om øl og fest og bonnie young lasses. Alt i alt kan årets Malakoff festival oppsummerast til å vere eit høgdepunkt i årets festivalsommar. Eigentleg er det vel berre ein ting å gjere no i etterkant, nemleg å telle ned dagane til neste års festival den 17. og 18. Juli.

SJÅ ALLE BILDENE FRÅ MALAKOFF FESTIVALEN 2014:

Alle bilder: Kristina Aurore Kvåle

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.