Månadens Chérie: Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

I femten år har Beyoncé profetert til kvinner at dei kan gjere kva dei vil. Vere uavhengige, overlevarar og sjefar. Ho har brote gjennom i ein mannstyrt, seksualisert bransje og tatt kontroll. Over seg sjølv og sitt eige arbeid, for ikkje å snakke om sin eigen seksualitet.

Når ho ikkje står på scena og syng med makt og sjølvtillit om sjølvstende, kvinner og feminisme, livet, kjærleik, sorg og sinne. Er ho sin eigen manager og plateprodusent, skodespelar, hard-core karrierekvinne, filmskapar, designar, dansar og filantrop. Ho er også hustru, mor, dotter, syster, tante og mange andre titlar og roller. Men kanskje mest av alt, er ho kvinne.

It was the battle of my life, so I set a goal and my goal was; independence. – Beyoncé

Få kvinner har gjennom dei siste to tiåra profetert til kvinner meir om deira styrke og eigenskapar, og nådd fram like høglydt, som kva kanskje Beyoncé har. Fyrst gjennom songar som Independent woman og Survivor frå dagane i Destiny’s Childs. Så gjennom sitt eige sjølvstende som artist, samt songar som, til eksempel, I was here, Who run the world? (girls), Irreplaceable, Single Ladies og If I were a boy.

Beyoncé Knowles

Ho har vist kvinner verda over den store, og ganske viktige, forskjellen mellom å ta kontroll over sin eigen seksualitet i ein overseksualisert bransje, og det å vere eit objekt av sin eigen seksualitet og kjønn. Ein treng kanskje ikkje å like musikken hennar, men som kvinne og feminist, er ho ei å respektere.

Med 17 Grammy awards på skjenken og millionar av sjølvtjente pengar i banken, er det ingenting som tyder på at Knowles har tenkt å legge opp heilt endå. Nyleg kom ho ut med den sjølvbiografiske dokumentaren, «Life is but a dream» (kan for augneblikket sjåast på NRK nett-tv), som tar for seg hennar liv privat, samt hennar personlege refleksjonar kring det å vere kjendis, kvinneleg musikar, feminisme og musikkbransjen. Og det er så himla vakkert.

Så vakker er filmen at eg personleg måtte sjå den to gongar på ein dag, for ein gong var berre ikkje nok. Det er ekte. Rått. Eit ope, sårbart og nydeleg kunststykke. Ein film alle på eit tidspunkt burde sjå. Anten de likar musikken hennar eller ikkje. Det er ein film som inspirerar og motiverar, nøyaktig som dama bak den.

I am woman, and what I think I must speak. – Beyoncé

PS, eit lite tips: Beyoncé sin blogg, er noko av det finaste og mest inspirerande på nett. Både den private og den profesjonelle. Oppmodnar alle til å ta ein liten kikk, bli inspirerte og smile litt.

Traileren til dokumentaren «Life is but a dream»:

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles Beyoncé Knowles Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

tumblr_m7ll2tfSaL1r90rzto1_500
«What would Beyoncé do?» – henta frå eit intervju med Kathleen Hanna, ein amerikansk musiker, skribent og feminist.

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

 

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

Beyoncé Knowles

 

Kjelder: Wikipedia og Beyoncé sin blogg.

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.