Månedens Chérie: Olymp de Gouges

olympe-de-gouges1

olympe-de-gouges

Denne månaden skal vi gå litt tilbake i tid. Heile tre hundre år tilbake. Til den franske revolusjon og det franske salongsamfunnet. No er det svært viktig å påpeike at det franske salongsamfunnet på ingen måte var av den vulgære typen, men eit samfunn der kvinner, eller salongvertinner, kunne samlast, saman med menn og diskutere samfunnsspørsmål og filosofi (noko det ellers ikkje var store forventingar eller moglegheiter til utanfor salongane). Og midt i desse myteomsuste salongane, finner vi ho. Månadens Cherie og litt av ei dame. Olymp de Gouges.

Olymp de Gouges, eller Marie Gouze, var ein fransk forfattar, journalist, politisk aktivist og feminist under den franske revolusjon. Ho vart fødd 7. Mai 1748. Far hennar var slaktar og mor hennar dotter av ein manukturhandlar. Ho vaks opp i provinsielle og relatvit trange kår. I 1765 gifta ho seg med Louis Abrey og saman fekk dei sonen Pierre. Ekteskapet var platonisk og kjærleikslaust, og då Louis døydde året etter at sonen vart fødd, flytta Marie til Paris.
I Paris tok ho namnet Olymp de Gouges, og jobba seg opp i det intellektuelle sosiale samfunn. Ho skal anngiveleg ha innleia eit kjærleiksforhald til Jaques Biétrix de Roziére og etter han, andre velståande menn som kunne halde ho og sonen økonomisk gåande.

plaque-olympe

Hennar kamp mot urett kan moglegvis sporast tilbake til då ho sjølv vart brutalt avvist av Jean-Jaques Lefranq, markisen av Pompignan, som ho personleg meinte var hennar eigentleg far. Dette førte fyrst og framst til hennar store engasjement for barn fødde utanfor ekteskapet. Men hennar engasjement var mange og omfattande og strakk frå blant anna slaveri til feminisme.

Som salongvertinne fekk ho sjansen til å møte mange av samtidas store forfattarar og filosofar. Blant desse var La Harpe, Mercier, Brissot og Marquis Condorcet. Her fekk ho sjansen, som få kvinner fekk på den tida, til å utvide og bruke sitt intellekt. Ho var svært engasjert i revolusjonen i byrjinga, men etter kvart som tida gjekk, og det viste seg at orda fridom og likskap kun skulle vere forbeholt menn. Samt dei revolusjonære sin stadige utvikling mot det totalitære, byrja ho å kritisere dei og ta avstand.

I 1784 byrja ho å skrive. Ho skreiv fleire essays, manifest og samfunnskritiske skodespel. I desse tekstane skreiv ho blant om kjønnsrelaterte emner, som retten til skilsmisse og seksuelle forhald utanom ekteskapet. I 1791 vart ho medlem av foreininga Amis de la Verité (vener av sanninga). Ei gruppe som arbeidde for kvinners juridiske og politiske likestilling. Mest kjend er ho nok, for å i 1791 ha skrive, som ein reaksjon på menneskerettserklæringa frå 1789; Kvinnerettserklæringa.

I denne erklæringa har ho i 17 punkt tar opp rettar som alle kvinner, på lik linje med menn, bør ha, skal ha og vil ha. Frå denne erklæringen er punkt nummer 10 mogelgvis mest kjend, og mest fantastiske:

Ei kvinne har rett til å bestige skafotten, då skal ho også ha rett til å bestige talarstolen.

Altså, om ein har lov til å henrette kvinner, så skal dei også ha lov til å få snakke si eiga sak. Sjølvsagt gjekk ikkje denne kritikken av revolusjonen og, spesielt, Robbespierre, ubemerka. I 1793 vart ho arrestert og satt i heile tre månader i fengsel utan advokat eller noko form for forsvar. Likevel presterte ho å skrive og utgje to bøker, Olymp de Gouges ved revolusjonstribunalet og ein forfulgt patriot, gjennom to bekjente under denne perioden. Den 2. November 1793 vart ho dømt til døden, og dagen etterpå døydde ho av giljotinen (halshogd).

Vi i Oh Chérie ønsker difor å rope ut eit salig vive la Olymp de Gouges! Og hylle denne fantastiske, sterke, intellektuelle kvinna, som var pioner i kvinnerørsla under opplysningstida. Kven veit korleis kvinner i dag ville hatt det, utan ho og kvinnerettserklæringen?

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.