Miss Skinny: Kroppspropaganda eller PR-stunt?

missskinny

Den nye svenske nettstaden Miss Skinny går inn for å berre selge kle i såkalla «size zero».

Dei siste par dagane har det vore furore på samtlege sosiale medier angåande eit nytt svensk foretak ved namn Miss Skinny. I følge sin nettstad skal Miss Skinny utelukkande levere size zero-mote til den svenske almennheiten og ikkje ein størrelse større. Vidare hevdar sida at bakgrunnen til at dei begrensar storleiksomfanget, er på grunn av den «økande etterspørselen» etter moterriktige size zero kle i Sverige, som resultat av size zero hysteriet i amerikansk presse og moteindustri. Med mottoet ”we believe in true beauty of women. We believe that compromise has no place in fashion. We never blend in, we never say sorry. We say bye bye to normal” har ikkje kritikken og spekulasjonane kring om dette er eit faktisk konsept eller eit sjukt PR-stunt uteblitt.

Sidan Miss Skinny registrerte seg på Facebook 15. september og byrja sin reklamekampanje med plakatar kring Stockholm og Sverige i går, har ulike svenske bloggarar bytta på å kalle den kommande nettbutikken for forkasteleg, ekkel og umoralsk. Svenske radioprofil Kitty Jutbring skriv på sin blogg at ho er sjokkert, men ikkje overraska medan programleiar Kakan Hermansson skriver på sin blogg at «här har vi ett företag som öppet riktar sig mot en sjuk norm och förespråkar ätstörningar och ett helt sjukt kvinnoideal» og kritiserar Miss Skinny for å foreslå at dersom ein ikkje passar i kleda dei leverer så er ein automatisk «mislykka». Kritikken lar seg heller ikkje utebli på Facebook eller Twitter:

missy-skinny

Så kjem spørsmålet: er det berre eit PR-stunt, eller er det ekte? I følge den svenske nettavisa Metro er sjølve foretaket Miss Skinny heilt reelt, kven som står bak og kva dei eigentleg distribuerer er derimot ikkje sikkert. Det som ein veit av fakta er at domenet miss-skinny.se vart registrert den 25. juni i år av det amerikanske selskapet Miss Skinny Inc. Telefonnummeret som vart gitt då domenet vart registrert er, i følge den svenske nettavisa Metro, ikkje lenger i bruk. Då Oh Chérie-redaksjonen prøvde å vende seg til Miss Skinny, vart vi vidare henvist til pressekonforansen på Berns Hotell i Stockholm på torsdag, då butikken i følge nettsida skal lanserast.

Vi i redaksjonen her på Oh Chérie håpar inderleg at det faktisk er snakk om eit overdrevent PR-stunt og ikkje ein verkeleg butikk retta kun mot den marginale delen av kvinner som faktisk brukar størrelse 32. Det er likevel eit ganske radikalt og usmakeleg PR-stunt dersom det så skulle vere. Vi foreslår heller at våre moteinteressert lesarar besøker nettstaden Stylelikeu og ser denne vesle filmen der ulike motebloggarar med heilt ulike kroppstypar og storleikar, møtest for å diskutere kroppsbilde og kroppsfiksering.

Stil er nemleg noko ein har uavhengig av storleik og utsjånad.

Kjelder:
miss-skinny.se
Metro
Dagens Media

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.