Morsdagens historie

Anna Marie Jarvis

I dag er det morsdag og landet over feirar vi mødrene våre med kaker, blomar, klemmar og facebook-statusar, men veit vi i det heile tatt kvifor vi feirar morsdag?

Det er ein av dei sjølvsagte sanningane: morsdag og farsdag er berre dagar konstruert av reklamebyrå og takkekortbedrifter for å auke omsetning. Dette er derimot ikkje heilt korrekt. Der farsdag var ein tradisjon som byrja i USA for å komplimentere feiringa av morsdagen, har morsdagens historie ein historie uavhengig av takkekortindustrien.

Ville hedre mor si

Den aller fyrste morsdagen, då kalla Memorial Mothers Day Meeting, vart feira i Crafton metodistkyrkje i West-Philadelphia (USA) 12. mai 1908. Feiringa var eit initiativ av lærerinna Anna Marie Jarvis (1864 – 1948) som ønskte å hedre mor si, Ann Maria Reeves Jarvis, som døydde i 1905. Før sin død hadde Reeves Jarvis og andre kvinner jobba aktivt for å bedre dei sanitære forhalda til soldatane under den amerikanske borgarkrigen. I etterkant av krigen fortsatte ho å arbeide engasjert for fred og forsoning.

Jarvis mor og datterAnn Maria Reeves Jarvis (1832-1905) og Anna Marie Jarvis (1864-1948)

Året etter moras død haldt Anna Marie Jarvis ein minnedag for mora og byrja å arbeide aktivt for å skape ein offisiell minnedag for mødrer. Ho fekk blant anna presten i kyrkja der ho arbeidde i søndagsskulen, til å snakke om morskjærleik i preikene sine, og ikkje lenger etter dette vart «Mothering Sunday» feira i fleire amerikanske byar. I 1912 vart det danna ein internasjonal organisasjon som skulle jobbe for å eksportere feiringa av morsdagen til andre land. Kongressen anbefalte ein offisiell feiring av dagen i 1913 og feiringa vart lagt til den andre helga i mai frå og med 1914.

Morsdagen i Noreg

Den aller fyrste morsdagen i Noreg vart feira i ei metodistkyrkje i Bergen, 9. februar 1919. Dagen tok dog ikkje av i Noreg før etter initiativ frå Dorothea Schjoldager og Karen Platou i Oslo. Dagen blir feira den andre helga i februar, mest mogleg grunna alle festdagar og fridagar som er lagt til mai i Noreg frå før.

Vi kan nok ikkje sjå vekk frå det faktum at morsdagen har utvikla seg langt vekk frå sitt metodist-opphav. Det er nok ikkje til å stikke under ein stol at den kommersielle verda spelar på alle hjartestrengane våre for å få solgt konfekteskene og hjartekorta sine. Likevel så er det jo ganske fint med ein dag tileigna mamma. Det vere biologisk mamma eller berre mamma i hjartet. Når alt kjem til alt så handlar jo dagen om å vise nokon vi er glad i at vi set pris på dei. Og det er jo verdt å bruke pengar på ei konfekteske, litt raudvin og eit stort kort med kleine hjarter på, er det ikkje? 

Kjelde: Store Norske Leksikon

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.