Musikkvideo: Lykke Li er tilbake

Alles melankolske yndling Lykke Li er endeleg tilbake, kanskje tristare enn nokonsinne. I sin nye singel «No Rest For The Wicked» synger ho om angeren over å ha gitt opp sin store kjærleik.

Tre år etter sist album kom ut, er Lykke Li klar for å gi ut sitt tredje album, «I Never Learn». Dei siste månadane har ho sluppe eit par singlar frå albumet, og rett før helga vart den tredje offentleggjort. Ikkje berre er «No Rest For The Wicked» ein fantastisk song; musikkvideoen er dessutan eit lite kunstverk som ikkje bør gås glipp av.

Handlinga i musikkvideoen ser ut til å vere sett i ei svensk bygd eller ein småby. Som mange andre små tettstadar er denne bygda prega av framandfrykt og rasisme (legg merke til detaljen med president Obama på TV i bakgrunnen). Historia handlar om eit par som kjenner rasismen på kroppen fordi dei har ulik hudfarge. Dei får stygge blikk når dei viser seg offentleg saman, og mannen blir på eit tidspunkt utsett for grov fysisk vald. Dei kjem fram ti at det er for farleg å vere saman, og mannen reiser frå den vesle bygda. Etter han reiser står Li angrande att og ønskjer at ho hadde kjempa hardare for kjærleiken deira: «I let my good one down/I let my true love die/I had his heart but I broke it everytime».

Denne historia kunne nok diverre like gjerne ha funne stad i Noreg. Det er til dømes ikkje så lenge sidan liberianske Jacob Kuteh blei utsett for blind vald utanfor huset sitt i Verdal. Det er uvisst om handlinga i musikkvideoen er basert på faktiske hendingar i livet til Li, eller om historia blei skriven for musikkvideoen, men bodskapen er i alle fall klar. Med «No Rest For The Wicked» ber Lykke Li oss å kjempe mot rasisme, og for kjærleiken.

Ingvill Kjærstein bur i Kyoto i Japan og studerer japansk. Ho er glad i bøker og blir lett distrahert av ting som glitrar.