Og vi dansar i dryssande duskregn om natta

Malakoff festival 2013

Eg er her kvart år. Kvart år sidan eg var 15, med unntak av 2011. Det er tradisjon. Vi stiller oss i kø, sett opp telt, drikk øl, ler og prøver å få med oss konsertane vi ønsker å få med oss. Det er alltid galskap, og det er alltid kjekt. Malakoff er sommarens store høgdepunkt. 

Vi tenkte vi skulle vere tidleg ute, sleppe den eviglange køen som blir til rundt konsertstart. Så vi troppa opp. Ti om morgonen. Rett frå senga, ut i bilen og ned på Malakoff. Kjevane våre fall fleire hakk då vi traska over grasbana og såg køen. Den var lang. Fleire hundre meter lang og i u-form. Vi sneik. Stilte oss nesten heilt framme med nokre venner. Men klokka blei endå elleve før vi reiste der i frå, med gule og rosa band rundt handledda.

Malakoff Rockfestival har eksistert i ti-elleve år. Det byrja som ei ungdomsbedrift laga av dåverande studentar ved Eid Vidaregåande. Tanken bak var å lage ein rockefestival for ungdomen i lokalområdet. Eit kulturarrangement som skapa spenning og engasjement i distriktet. Det byrja med omtrentleg 650 publikumarar og lokale artistar, elleve år seinare er det kanskje vestlandets største og mest elska festival. Med headlinerar dei siste fem åra som blant anna inkluderar Bad Religion, Biffy Clyro, Håkan Hellström, Satyricon, Timbuktu, Dum Dum Boys, Motorpsycho, Kaizers, Big Bang, og Meshuggah. Frå 650 publikumarar, til i år vere heilt utsolgt med godt over 10.000 publikumerar kvar dag, kan ein muligens sei at Malakoff Rockfestival er tidenes mest suksessrike ungdomsbedrift.

(Teksten fortset under bilda)

Malakoff festival 2013

Malakoff festival 2013

Malakoff festival 2013

På dagen er det jordbær og øl på campen. Som nordfjordingar er Malakoff også så mykje meir enn ein festvial, det er også den tida på året då vi veit. Med utvilsom sikkerheit, at vi kjem til å møte på kjentfolk. Folk vi ikkje har sett på lenge og gler oss til å møte på, og folk vi i bunn og grunn har gløymt eksisterar. Det er ein heilt eigen stemning som rår over festivalområdet og campingen dei to-tre dagane Malakoff pågår. Mellom juletrelysa i trea, partytelt som må boltast i bakken for å ikkje fly avstad med vinden, lavvoar, leiketelt og ordentlege telt, er det plass til alle. Ingen ekskludering, ingen unntak. Det er Malakoff, og alle skal få.

Om det regnar sit vi på presenningar på marka, lagar gapahukar mellom trea og lar været gå sin gong. Dette er vestlandet. Nordvestlandet. Og regn er ein del av pakken. Men det regna knapt i år, og vi dansar i dryssande duskregn om natta medan vi skrålar med til sangar av artistar vi knapt kan forstå har klart å finne vegen til vesle, løynde nordfjordeid. Årets festival var intet unntak. Stemningen var på topp. Været heilt overleveleg og tidvis nesten for fint. Kvite converse vart gråe converse og svarte ballerinasko vart mørkegrå og mista sålane sine. Blåmerker, sugemerker og småsår. Alt som høyrer festivalar til. Hovudbasen (teltet som fungerar som lager og møtepunkt) var plassert så nært amfiscena som mogleg. Så vi kunne høyre musikken klart og godt utan å måtte flytte oss frå piknikduken.

Malakoff festival 2013

Malakoff festival 2013

For det var fantastisk. Ikkje berre stemninga. Ikkje berre folka. Ikkje berre campingen. Men også musikken, sjølvsagt. For i bunn og grunn så er det jo musikken ein kjem for. Årets store headlinerar var Kaizers Orchestra, Kvelertak, Bad Religion, Biffy Clyro og The Hives. Eg var på ti konsertar. Av desse ti konsertane endte topp fem lista opp slik:

5. Special Kids Unit

No skal det seiast at eg faktisk gjekk glipp av dei. Lokalbandet frå Nordfjord som spelar ein fin blanding av tidleg Kaizers møter The Hives møter Skrillex. Men eg har sett dei før. Inhabil som eg er, sidan det er venner av meg som speler. Og dei er rå. Dei er rå og dei dyktige. Med Ola Ulltveit Moe i boxer og englevingar. Vidar Seljen Melby i russisk bjørnefitte på hovudet. Jørgen Haugland sin søte, rare og galne sjarm og Mathias Degnepoll Øren på trommer, spelar dei ikkje som eit lokalband i den forstand, men som eit fenomen, ein konsekvens av hav og storm og vestlandet. Og det er, det var, så innforjæveleg bra.

4. Bad Religion

Som niese til ein punker i paddypunk band (Greenland Whalefishers). Og som innfødt i ein ganske musikalsk og rocka familie, har Bad Religion liksom vore ein del av pakka. Forhåpningane var difor ganske overdådige då dei inntok scena som siste bandet fredagsnatta. Og det var rått. Alle andre ord blir forminska i samanheng, for når det kjem til Bad Religion så er det berre rått. Rått og råte og fantastisk. Rock and roll slik det skal vere.

3. The Tallest Man on Earth

Eg var kanskje ein av dei få som hadde sett han live før. Då i ei steinkyrkje i Roma der dei serverte øl og vin. No på amfiscena på Malakoff om ettermiddagen. The Tallest Man on Earth konserten gjorde litt vondt i sjela. Mykje på grunn av at songane hans er jo så fantastiske og skal gjere litt vondt sjela, men mest på grunn av publikum. Publikum som sto og snakka, som ikkje klarte å vri seg ut av samtalane sine og høyre etter før eit kvarter inn i konserten. Malakoffarar, eg har aldri vore meir skjemd, og det var det, det var dykk, som kosta oss Dreamer. Men han gjorde det bra. Spelte og sang med livet som innsats, som han alltid gjer. Det var lik som gjødsla kjærleikshagar og kongen av Spania. Det var blåfuglar som flaug og snøstormar i ørkenen og det var magisk. Som det alltid er når den høgste mannen på jorda syng.

2. Honningbarna

Honningbarna er kanskje det dyktigaste bandet som har spelt på Malakoff. Dei har ein energi, ein forståelse og dyktighet som kombinert blir eineståande. Dei mistar aldri ei takt eller eit trommeslag og dei klarer det utan å miste edgen. For edgen er der. Den vil alltid vere der, så lenge dei står på scena med cello i FK-dress vil edgen aldri passere. Korleis kan den?

1. The Hives

Med øla i handa oppå ei tønne på ølområdet sto eg og dansa til The Hives då dei ropte ut: «ni förstår inte ens hur mycket ni kommer att applaudera när vi spelar den här sången», og takta til I hate to say I told you so vart slått opp. The Hives altså. Bandet frå min ungdom. Sangen som gjekk på repeat på discman-en min på slutten av barneskulen og byrjinga av ungdomsskulen. Det var klimaktisk. Det var fantastisk. Det var The Hives.

Sjølvsagt, det var mange bra og store og fantastiske konsertar i løpet av helga. Biffy Clyro, kommersiell som han er, men endå innafor, skapte ein euforisk kjensle blant publikum då han spelte. Kaizers, som alltid vil vere best når dei går tebage te di gamle dage, leverar alltid med meir til. Lars Vaular som klarte å bevise at han faktisk høyrte heime på ein rockefestival, Kvelertak som var som eit fyrverkeri på scena. Det var så mykje bra. Det er så mykje bra. Det er Malakoff. Og alle er velkomne, ikkje berre vestlendingar.

Video frå årets Malakoff:

Video frå fjorårets Malakoff:

Alle foto og video: Kristina Aurore Kvåle

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.