Oh Chérie på kvinnedagen

Det var laurdag, det var åttande mars, det var vår, det var engasjement og det var damer. Flotte, freidige damer. Oh Chérie var sjølvsagt til stade under markeringa av kvinnedagen! Sjå vår film og høyr våre intervju frå det rekordstore kvinnetoget i Oslo!

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.