Reservasjonsretten er skrinlagt

Skjermbilde 2014-04-25 kl. 13.54.23

Regjeringa, med helseminister Bent Høie (H) i spissen, la i dag reservasjonsrettforslaget på is. Ein seier for kvinner og ein seier for demokratiet!

Det var i morgontimane i dag at helseminister Bent Høie (H) kalla til pressekonferanse og annonserte at regjeringa ikkje kom til å fremme det mykje omdiskuterte forslaget om reservasjonsrett for fastlegar.

Høringen har vist et stort folkelig engasjement og motstand mot reservasjonsordningen. Det blir ingen reservasjonsmulighet for fastleger. Det forslaget blir ikke fremmet. Vi jobber med en løsning som bygger på en annen måte å tenke på. 

Fastlegar vil difor ikkje kunne reservere seg mot å opplyse eller henvise gravide til abort. Forslagets død kom berre morgonen etter at partileiar Knut Arild Hareide (KrF) gjekk offentleg ut og sa at han var open for endring i avtala så lenge den verna om pasientens rettar så vel som legens samvit.

Kva den nye avtala vil bli er endå uvisst, men ifølge Aftenposten kan det forventast at fastlegar ikkje kjem til å skrive ut henvisingar til abort i det heile tatt. Dette betyr at kvinner kan ta kontakt direkte med sjukehuset eller velge å besøke fastlege fyrst. Forskjellen, seier Aftenposten, vil bli at fastlegen ikkje lenger trenger å legge fram eit skjema om begjæring av svangerskapsbrot som både pasient og lege må underskrive. Det vil såleis ikkje vere opp til fastlegen kor vidt pasienten får sjansen til å ta abort eller ikkje. Jone Trovik, leiar av Norsk Gynekologisk Foreining og abortnemnda Haukeland Sjukehus, seier vidare til Aftenposten at han oppfordrar likevel kvinner til å oppsøke fastlege før abort.

Reservasjonsretten har sidan byrjinga vore svært omdiskutert og har skapa enormt mykje engasjement kring det norske folk. Noko som kom spesielt til syne under markeringa av kvinnedagen 8. mars, ikkje berre i Oslo, men rundt heile landet. Framst i spissen av forkjemparar mot reservasjonsretten har redaktør for nettstaden foreldre.no, Susanne Kaluza, stått. Til dagens nyhende anngåande reservasjonsretten uttala ho dette til Aftenposten:

Det er helt fantastisk, og viser at det nytter for helt vanlige folk å engasjere seg. Jeg vil gi honnør til Høie og Hareide for at de ikke har latt det gå prestisje i saken, men at de nå har lyttet til alle de sterke tilbakemeldingene som er kommet fra vanlige folk og et utall organisasjoner og snudd i tide

Kampen om sjølvbestemt abort i Noreg starta allereie i 1913 med feminist Katti Anker Møller i spissen. Det var dog ikkje før i 1978 at lova om sjølvbestemt abort vann med ei stemme overvekt på Stortinget. Helspersonell har i dag allereie ein lovfesta rett til å reservere seg frå å utføre inngrep utfrå eige samvitsgrunnlag. Dei er likevel endå plikta til å opplyse og henvise pasienten vidare til tross for personleg overbevisingar.

At dagens nyhende er ein seier for kvinnene er ingen tvil. Likevel viser det seg at vi i 2014, 36 år etter abortloven kom, endå må kjempe for retten til å bestemme over eigen kropp. Noko som tyder på at vi kanskje ikkje er komne så langt på veg i likestillinga som vi kanskje skulle trudd og håpa. Vi i Oh Chérie-redaksjonen jublar dog likevel for Høie og Høgres totalomvending i abortsaken, og seier som Severin Suveren: Der er ingen skam å snu!

Foto og film: Kristina Aurore Kvåle

Kristina Aurore Kvåle er 22 år gammal, rastlaus og full av wanderlust. Utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography og studerar til ein bachelor i kunst og sånt ved UiO. Budde i Roma og saknar det. Er ellers over gjennomsnittet interessert i nynorsk, girl power, pasta og menn med skjegg. Bloggar på imaginarypixies.com.